M120UND309 Fleirfagsdidaktikk
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet skal byggje på dei føregåande emna i masterstudiet og gi djupare forståing av didaktikk som vitskapsområde og praksisfelt. I tillegg til fagdidaktisk forsking, vert tema frå fordjupingsfaga sine undervisningstradisjonar presentert. I eit komparativt perspektiv og med utgangspunkt i fordjupingsfaga, studerer ein tema som er felles for didaktikken i fleire fag, også med det formål å gjere likskapar og skilnader mellom dei ulike faga tydelege.
- Fleirfagdidaktiske perspektiv på tilhøvet mellom kultur, danning og literacy
- Didaktiske perspektiv på skolefaga engelsk, matematikk og norsk
- Omgrepet forskingsbasert undervisning, FoU-orienterte arbeidsmetodar i skole og barnehage
- Vilkår for didaktiske endringar, verkemåtar og effektar
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter avslutta studium har studenten kunnskapar om
- vurdering og tilpassa opplæring i fordjupningsfaget og i andre skulefag
- kunnskap om dei ulike faga og dei grunnleggjande ferdigheitene i eit kritisk perspektiv
- djupare innsikt i kva som kan liggje i omgrepet danning
- djupare innsikt i didaktisk praksis, i fordjupingsfaget og i andre skulefag
- djupare innsikt i det som er felles- og særfagleg på dei nemnde didaktiske områda
Ferdigheiter
Etter avslutta studium kan studenten
- gjennomføre utforsking av didaktiske tema i eigen praksis
- dokumentere kunnskap om felles- og særfaglege didaktiske tema
- gjere fagleg og didaktisk grunngitte val for undervisning, i møte med sosiale, fleirkulturelle og institusjonelle premissar
- undervise forskingsbasert og gjennomføre utviklingsarbeid som del av ordinær undervisningspraksis
- forstå og analysere endringsprosessar
Generell kompetanse
Etter avslutta studium kan studenten
- fungere som ressursperson for utdanningsmiljøet på eigen arbeidsplass
- gjere greie for vesentlege skilnader og likskapar mellom dei ulike faga
- bruke teori som grunnlag for forsking
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på emne 1 og emne 2 i masterstudiet.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er lagt til 2. semester i masterstudiet.
Studiearbeidet er i vesentleg grad knytt til eit rettleia, praksisbasert prosjektarbeid. I samband med arbeid med emnet skal studentane gjennomføre til saman 9 dagar praksis. Praksis er obligatorisk og vert vurdert med karakter bestått / ikkje bestått. Læringsutbyte og rammer for praksis er nærare skildra i retningsliner for praksis.
Resultatet frå prosjektarbeidet er vurderingsgrunnlaget for eksamen. Eksamen består av essay, plakat og munnleg presentasjon.
Studiet startar med konsentrert undervisning over ei veke (obligatorisk frammøte), der kvart av fordjupingsfaga presenterer tema med utgangspunkt i innhaldspunkta ovanfor, og andre tema som kan vere aktuelle for prosjektarbeidet. Deretter blir prosjektarbeidet gjennomført i tråd med punkta nedanfor.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane blir sett saman i grupper på inntil fire representantar, der fleire fordjupingsfag er representerte. Gruppa skal
- formulere eit tema som er felles for fagdidaktikken i dei faga som er representerte i gruppa. Temaet skal behandlast i eit kontrastivt perspektiv, der likskapar og skilnader mellom dei aktuelle faga blir trekte fram
- lage ein prosjektplan som viser korleis ein vil arbeide med temaet teoretisk og praktisk
- finne fram til, presentere og diskutere litteratur om temaet
- gjennomføre praksis i tre veker for å hente inn materiale til konkretisering av temaet
- presentere og diskutere prosjektet på eit undervegsseminar
- gi respons på ei anna gruppe sitt arbeid
Rettleiing er obligatorisk, avgrensa til totalt fem timar per gruppe og kan gjelde alle dei åtte punkta ovanfor. Individuell rettleiing er avgrensa til ein time.
Det blir gjennomført eit undervegsseminar, der alle gruppene legg fram arbeid dei har kome fram til på dette tidspunktet, som til dømes mål og vegen vidare.
Vurderingsform
Eksamen er todelt, og består av ein praktisk eksamen i gruppe og ei individuell skriftleg oppgåve.
Gruppeeksamen og individuell eksamen er knytt til prosessen som ligg til grunn for det ferdige prosjektarbeidet.
Praktisk eksamen i gruppe.
Gruppa blir vurdert på grunnlag av dei tre elementa i prosjektarbeidet:
- abstract til "konferanse"
- plakat
- presentasjon
Abstract som til konferanse (maks 500 ord). Her skal gruppa presentere temaet, mål for arbeidet, teoretisk grunnlag, metode, resultat og konklusjon. Innlevering av abstract er to veker før vurderingsseminaret.
Plakaten skal presentere ei oppsummering av det vesentlege i prosjektet.
Presentasjon og evaluering skal gjennomførast på eit seminar over ein til to dagar.
Kvar gruppe skal presentere sitt eige prosjekt. Presentasjonen skal gi ei oppsummering av prosjektarbeidet og utvide det som står i abstract. Tidsramme: 20 minutt.
Kvar gruppe skal evaluere arbeidet til ei anna gruppe. Dette skjer i ein førebudd kommentar. Tidsramme: 10 minutt.
Individuell skriftleg oppgåve
Det skal også skrivast ei individuell fagdidaktisk oppgåve som er knytt til den einskilde studenten si skulefaglege vektlegging (del 2). Denne teksten (ca. 2000 ord ) skal skrivast separat for kvart skulefag (engelsk, norsk eller matematikk) som er representert i gruppa. Studentar med engelsk som skulefag, skal skrive oppgåva på engelsk. Del 2 blir vurdert individuelt.
Evaluering
Karakterskala bestått/ ikkje bestått. For å bestå eksamen, må individuell del, poster og presentasjon av prosjektarbeidet, vere bestått.
For den enkelte studenten gjeld det at for å bestå essayet, må både felleskomponentane og dei fagspesifikke delane få "bestått".
Gruppa som heilskap har ansvar for felleskomponentane, mens aktuelle fagrepresentantar har ansvar for fagdelane. Det vil seie at dersom representanten for eit spesifikt fag ikkje består individuell del, vil det ikkje ha konsekvensar for andre gruppemedlemmer. Dersom berre individuell del ikkje er bestått, vil studenten kunne levere inn ei vidarearbeida utgåve til ny eksamen.