Hopp til innhald

M120UND509 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Dette er emne 5 i master i undervisningsvitskap.

Studentane skal gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt retta mot praksis i skole og dokumentere dette i ei masteroppgåve som utgjer 45 studiepoeng. Temaet for oppgåva skal rettast inn mot profesjonsutøving, knytast til didaktikk i fordjupingsfaget og samtidig vere prega av fellesemna i studiet.

Oppgåva skal framstillast skriftleg, eventuelt kombinert med vedlagt digitalt lagra lyd- og biletmateriale. Oppgåva kan eventuelt også vere del av større forskingsprosjekt ved institusjonen. Studentar som har valt fordjupingsemnet Engelsk fagdidaktikk (4B), skal skrive oppgåva på engelsk.

Emne 5 inneheld:

  • kurs i bruk av bibliotektenester og databaser som forskingsresurs
  • samarbeid og tilbakemeldingar om pågåande forskingsarbeid, innhald og form.
  • "Key note"- presentasjonar om forsking som føregår i masterens forskingsmiljø, av fagpersonalet.
  • det vert oppmuntra til konferansedeltakelse

Læringsutbytte

Kunnskaper

Etter avslutta studium har studenten

  • kunnskap om vitskapstradisjonar, med særlig vekt på teorigrunnlaget som er valt for eigen studie
  • kunnskap om forskingsmetodiske tradisjonar, med særleg vekt på metodologiske val for eigen studie
  • innsikt i korleis vitskaplege perspektiv gir grunnlag for analyser av eit datamateriale, knytt til eigen masterstudie, men også utover eigen studie
  • god kjennskap til forskingslitteratur og publiseringskanalar relevant for eigen studie
  • innsikt i forskingsetiske problemområde og retningsliner
  • kunnskap om vitskaplege sjangrar (essay, artikkel, avhandling)

Ferdigheiter

Etter avslutta studium kan studenten

  • beskrive og kritisk drøfte interessefeltet masteroppgåva undersøkjer
  • beskrive vitskapstradisjonen ein har plassert seg i gjennom eigen studie, også i kontrast til andre tradisjonar
  • argumentere kompetent for eige metodeval
  • drøfte anna forskingsarbeid, også knytt til forskingsetiske problemstillingar
  • formulere tekst om eit didaktisk saksfelt, retta mot praksisfeltet og mot forskarmiljø
  • analysere og bruke ulike datakilder og evaluere disse kritisk

Generell kompetanse

Etter avslutta studium kan studenten

  • orientere seg i praksisfeltet og vere orientert i forskingstradisjonar
  • sjå potensiale for utviklingsarbeid og ny forsking
  • fremme forskingsbaserte diskusjonar og forskingssamarbeid med skole

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere masteroppgåva må studentane ha avlagt og bestått eksamen i emne 1, 2, 3 og 4 del 1 og 2.

Undervisnings- og læringsformer

Masteroppgåva er hovudprosjektet i studiet. Alt i første semester startar prosessen med å velje tema. Kvar student får ein til to rettleiarar. Emnet for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiarane. Individuell, forpliktande rettleiingsavtale blir underskriven i andre eller byrjinga av tredje semesteret. Arbeidet med masteroppgåva får aukande merksemd fram mot fjerde semester, då det tar heile arbeidskapasiteten til studenten. Eventuelle eksterne rettleiarar skal vere valt eller godkjent av Høgskulen på Vestlandet. Det vert gitt inntil 25 timar rettleiing per student. Rettleiing blir gitt individuelt, i gruppe og på obligatoriske samlingar 3. og 4. semester, inkludert skriveseminar. Det blir forventa at studentane deltar aktivt på seminara både med framlegg av eige prosjekt, og med kommentarar til andre sine prosjekt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidet med masteroppgåva blir knytt til ansatsseminar og skriveseminar i studiet. Desse vert relatert til tema i dei ulike oppgåvene. Kvar student skal gjennomføre ein munnleg presentasjon på ca. 10 minutt av eige prosjekt. Det er og ein føresetnad at studenten tar aktiv del i diskusjonar knytt til presentasjonar gjort av medstudentar. Det vert forventa at studenten deltar på alle ansatsseminar som vert arrangert. Obligatoriske krav for å kunne levere masteroppgåve, er deltaking på to ansatsseminar og skriveseminar. Skriveseminaret skal vere førebudd ved at studenten i forkant leverer utkast på mellom 15 og 50 sider alt etter når seminaret på dei ulike fordjupingane vert arrangert.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei fire etterføljande semestera.

Vurderingsform

Masteroppgåve.

Vurderingskriterium vil verte gitt i eigne retningsliner for masteroppgåva. Omfang: 25000 - 38000 ord inkludert referanseliste.

Masteroppgåva blir vurdert av ein ekstern og ein intern sensor. Rettleiar deltar i vurderingssamtalar, men ikkje på karaktersetting.

Tid for innlevering vert annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel