Hopp til innhald

MA2-200 Matematikk 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Talfølgjer og rekkjer Potensrekkjer Taylorrekkjer Differenslikningar Fourierrekkjer Laplacetransform Differensiallikningar og system av differensiallikningar løyst ved Laplacetransform Lineære likningssystem Matriser Vektorrom og lineærtransformasjonar Bruk av dataverkty

Læringsutbytte

Kunnskap. Studenten har:

  • kunnskap om talfølgjer, rekkjer generelt, Taylorrekkjer og Fourierrekkjer.
  • kunnskap om Laplacetransformasjon
  • kunnskap om matriser, determinanter, vektorrom og lineærtransformasjonar.

Ferdigheiter. Studenten kan:

  • Finne grenseverdi for talfølgjer og sum av konvergente rekkjer. V
  • ed hjelp av konvergenskriterium avgjere om ei rekkje konvergerer eller divergerer.
  • Bestemme konvergensområdet til potensrekkje.
  • Rekne med Taylorrekkjer.
  • Finne Fourierrekkja til ein periodisk funksjon og finne sum av slike rekkjer.
  • Finne Laplacetransformajon og inverse Laplacetransformasjon og bruke dette til løysing av differensiallikningar og system av differensiallikningar.
  • Grunnleggjande matriserekning, finne eigenverdiar og eigenvektorar, diagonalisere matriser og rekne ut potensar av matriser.
  • Drøfte lineære likningssystem og løyse slike ved bruk av matriser.
  • Bruke matriser på praktiske problemstillingar.
  • Bruke kalkulator i samband med matriserekning.
  • Bruke matriser i samband med vektorrom og lineærtransformasjonar.
  • Bruke MATLAB til å gjere utrekningar i samband med talfølgjer, rekkjer, Laplacetransformasjon, z-transformasjon og matriser.

Generell kompetanse.

Emnet gir, saman med dei andre matematikkemna, studentane det matematiske grunnlaget for å bruke matematikk i dei tekniske faga. Det vert lagt vekt på forståing og evne til å bruke matematikk på praktiske problemstillingar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ma2-100 Matematikk 1

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar og øvingar i bruk av MATLAB.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar (vekt 60%). Mappe (to innleveringar og ein prøve, vekt 40%). Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Enkel.

Meir om hjelpemiddel