MA414 Matematikk naturfag
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Det vert gjeve grunnleggjande innføring i matematisk analyse. Funksjonar av ein variabel: grenseverdiar og kontinuitet, derivasjon, maksimums- og minimumsproblem. Integrasjon. Eksponential-, logaritme-, potens- og trigonometriske funksjonar. Trigonometri og vektorrekning. Funksjonar av fleire variable. Enkle differensiallikningar og endeleg differensmetode.
Læringsutbytte
Kunnskap
- funksjonar av ein variabel
- eksponential, logaritmiske, potens og trigonometriske funksjonar
- trigonometri og vektorrekning
- kalkulus: derivasjon og integrasjon
- funksjonar av fleire variable
- grenseverdiar til enkel funksjonar
- enkle differensiallikningar
- differansrekning (Endeleg differansmetodar)
Ferdigheiter
- algebraisk manipulering av likninger som inneholder potens, brøker, eksponential, logaritmisk og trigonometriske
- bruk av differensialrekning å beregne lokale og globale maksimums- og minimumsproblem
- bruk av integralrekning til å rekne volumer av revolusjonkunne
Generell kompetanse
- Etter fullført emne skal studentane ha eit nødvendig grunnlag i sentrale matematiske omgrep og metodar og kunne nytte dette til å løyse praktiske problemstillingar i emna seinare i studiet.
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på: R1 / (S1+S2) frå vidaregåande skule.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og rekneøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel