MASA110 Vilkår for hverdagsliv og medborgerskap
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet tek utgangspunkt i døme frå empirisk forsking og teoretiske diskusjonar knytt til kvardagsliv og samhandlingspraksis, og korleis variasjonar i rom og stad vert relevant. Teoretiske omgrep og forståingsmodellar skapar ny kunnskap, og bidrar til å opne eller lukke forståing av ulike fenomen. Sivilsamfunnet er ei viktig ramme om arbeidsdeling, sosial organisering, frivillig aktivitet og mobilisering. Sosialt liv er mellom anna knytt til stad og tid, sosiale institusjonar, familie, religion, og etnisitet.
Vi lever våre liv på mange ulike arenaer, og dei fleste har tilgang til fleire sosiale arenaer enn dei dagleg nyttar seg av. Fleire forflytter seg, frivillig eller fordi dei må, geografisk og sosialt. Nye teknologiske plattformar gjer det råd å kommunisere med lyd og bilete i sann tid over store avstandar. Kven eller kva som vert oppfatta som framand er historisk situert, på same vis som korleis vi forstår kven vi kan vera, kven dei andre kan vera, og kva vi kan vera for kvarandre . Ulikskap har både materielle og symbolske dimensjonar som gjer ulike vilkår som medborgarskap. Dei draumar og utopiar ein har kvar for seg eller deler med fleire, har sitt å seie for korleis ein kan agere saman på tvers av skilnader.
Sentrale tema:
- Sosiale konstruksjonar og representasjonar
- Nye sosiale rom og samhandling - translokalitet, virtuelle rom og ny kollektivitet
Idealisme og pragmatikk - utopiar som drivkraft?
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om sosial teori, og kan bruka kunnskapen som teoretisk verktøy til forståing og analyse av kompleksitet i det sosiale livet
- kan analysera faglege problemstillingar med utgangspunkt i sosialteoretiske tradisjonar
Evner:
Studenten...
- kan strukturera og formulera faglege argument til kritisk å granska kunnskapsgrunnlaga og praksisformene til velferdsstatens sine profesjonar og aktuell politisk diskurs
- kan arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan analysera faglege problemstillingar, og formidla dette i tråd med fagområdets omgrep og uttrykksformer
- kan bidra til nytenking og innovasjon gjennom kjeldekritikk og gjennom å ta i bruk sosialteori på nye område
Krav til forkunnskapar
Studierett på Master i samfunnsarbeid ved HVL
Tilrådde forkunnskapar
Bestått MASA105
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning er i andre semester. Sjølvstudium, litteraturseminar, tekstpresentasjon, øvingar i gruppe, skriveseminar, gi og få munnlege og skriftlege kommentarar til ulike tekstar. Essayskriving. Essayet skal diskutere eit sjølvvald og grunngitt tema som viser korleis sosial teorien er brukt eller gjort relevant i studenten sitt mastergradprosjekt
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Eksamen
Oppgåve i form av individuelt essay. Oppgåva skal vera på maksimalt 4500 ord med framside og litteraturliste. Pensumliste kjem i tillegg.
Vurderingsuttrykk
Gradet karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.
Ny eksamen
Studentane kan skriva om oppgåva, eller levere ny oppgåve til ny eksamen.