Hopp til innhald

MASA645 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva skal vise korleis samfunnsarbeid som teori og metode kan bidra til å påverke vilkår for sosial deltaking for ei gruppe menneske knytt til eit fellesskap (til dømes interesse, geografisk, organisatorisk) på ein eller fleire sosiale arenaer som er relevante for dei. Mastergradarbeidet kan være en undersøking av teoretiske, praktiske eller metodiske sider ved samfunnsarbeid som handling.

Mastergradsarbeidet kan være eit frittståande arbeid eller gå inn som ei avgrensa men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt, eller byggje på tilgjengelege data frå avslutta forskningsprosjekt eller registerdata.

Masteroppgåva kan skrivast som eit individuelt prosjekt eller som eit fellesprosjekt for to studentar. Når to studentar skriv felles masteroppgåve, må det gå tydeleg fram av arbeidet korleis dei har arbeid saman. Studentane har eit sjølvstendig ansvar for å vise korleis begge har bidrege til det ferdige produktet. Elles gjeld og høgskulens eigne retningslinje for masteroppgåva som ligg på nettsidene om eksamen.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om samfunnsarbeidet sitt grunnlag, teoriar og metodar, og kan anvende desse innanfor fagområdet
  • har spesialisert innsikt i det teoretiske og empiriske feltet som mastergradsoppgåva handlar om

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysera og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturera og formulera faglege argument
  • kan arbeide sjølvstendig med teoretiske og praktiske oppgåver
  • kan bruka relevante forskingsmetodar til å analysera vitskaplege problemstillingar

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har erfaring og kompetanse til å utforme ei forskbar problemstilling, planlegge forskingsarbeidet, gjennomføre forskingsprosessen og dokumentere dette i tråd med ålment aksepterte vitskapelege standardar.
  • kan bidra til kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid gjennom å identifisera handlingsrom og vilkår for sosial deltaking
  • kan presentera og formidla denne kunnskapen munnleg og skriftleg til fagfeller og til dei det gjeld

Krav til forkunnskapar

Emna i 1. studieår må vera godkjende før studenten kan starte arbeidet med masteroppgåva. Alle emna i fyrste og andre studieår tilsvarande 75 sp må vera bestått før studenten kan levera inn masteroppgåva til vurdering

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva går føre i tredje og fjerde semester. Student og rettleiar skal utarbeide og underskrive rettleiingsavtale ifølgje det til ei kvar tid gjeldande regleverket ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.

Sjølvstudium, skriveseminar, tekstseminar, sluttseminar og førelesningar. Gi og få tilbakemeldingar på eigne og andre sine tekstar. Det er utarbeidd egne retningslinjer for masteroppgåva når det gjeld form og tekniske krav

Obligatorisk læringsaktivitet

To obligatoriske arbeidskrav i form av:

  • gjennomført sluttseminar
  • rettleiingskontrakt

Arbeidskrava må vere godkjend før innlevering av masteroppgåve. Det kan søkast om å skrive oppgåve tilsvarande 30studiepoeng på bakgrunn av innpassing av andre relevante emne.

Vurderingsform

Masteroppgåve Omfang 80-100 sider. Sjå eige dokument for formelle og tekniske krav.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.

Ny eksamen
Dersom masteroppgåva vert vurdert med karakteren F må studenten tilarbeia oppgåva til ny eksamen

Det er ikke tilgang til å levere ny eller revidert masteroppgave ved bestått resultat.