Hopp til innhald

MASPED3-303 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet. Arbeidet skal omfatte planlegging, gjennomføring og skriving av ei masteroppgåve der studenten viser innsikt i aktuell forsking, teoriar og metodar med relevans til problemstillinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i det spesialpedagogiske fagfeltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere problemstillingar slik at eiga problemstilling er kontekstualisert og tematisert
  • kan forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan kommunisere om temaet for oppgåva si både til medstudentar, spesialistar, elevar, foreldre og andre

Generell kompetanse

Studenten

  • kan medverke til nytenking og innovasjon innan det spesialpedagogiske fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i studiet sine tre første emne

Undervisnings- og læringsformer

Det vert arrangert kurs knytt til ulike delar av arbeidet med masteroppgåva, til dømes bruk av programvare for analyse av data. I tillegg kjem oppgåveseminar med presentasjon og formidling av eige forskingsprosjekt.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid gjennomført under rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på oppgåveseminar Munnleg presentasjon av mastergradsprosjektet for rettleiar og medstudentar

Vurderingsform

Individuell masteroppgåve, med munnleg etterprøving. Bokstavkarakterar A-F.

Oppgåva skal vera sensurert med ein førebels greidd karakter før ein kan framstille seg til munnleg etterprøving (ca. 30 minutt). Det vert gitt ein samla vurdering. Den samla karakteren er basert på det skriftlege arbeidet, men den munnlege etterprøvinga kan ha ein justerande funksjon på den samla karakteren. Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor.

Dersom masteroppgåva vert vurdert til F, må studenten levere på nytt med godkjent resultat før munnleg høyring kan gjennomførast.