ME6-1001 Statistikk
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Analytisk og beskrivande statistikk. Statistisk programvare er eit naudsynt hjelpemiddel.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- kjenne dei mest grunnleggjande omgrepa innan statistikkfaget
- gjere greie for sannsynsrekning og kombinatorikk
- gjere greie for bruken av beskrivande statistikk
- kunne gjere greie for hypotesetesting og konfidensintevall
Ferdigheiter:
Studenten kan
- gjennomføre statistiske testar ved hjelp av tabellar
- gjennomføre statistiske testar ved hjelp av SPSS
- nytte både parametriske og ikkje-parametriske metodar for å analysere eit kvantitativt datamateriale
- utføre enkel sannsynsrekning
- tolke datautskrifter i emnet statistikk
- gjennomføre datainnsamlingar og analysere data
Generell kompetanse:
Studenten
- Forstår parametrisk og ikkje parametrisk statistikk
- forstår prinsippet med statistiske testar
- kan lese vitskapelege artiklar der statistikk vert nytta som metode
- forstår sterke og svake sider ved statistiske analyser
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveseminar og dataøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel: kalkulator.
Stastistiske tabellar og formelark vert delte ut på eksamen
Meir om hjelpemiddel