MF6-2001 Forbrukaråtferd i reiselivet
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar følgjande tema:
- Modellar for forbrukaråtferd og forbukaråtferdsteori Forbrukaren som individ (behov, personlegdom og persepsjon)
- Forbrukaråtferd i den individuelle marknaden vs. gruppemarknaden i reiselivet
- Avgjerdsprosessar og kjøpsåtferd - faktorar som påverka etterspurnaden i reiselivet
- Motivasjon og persepsjon i reiselivsmarknaden
- Interkulturell kommunikasjon og kulturskilnader Diffusjon og adopsjon av innovasjon
- Tilbod og etterspurnadmønster i reiselivet
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan/har studenten bygger opp:
Kunnskaper i:
- Kjennskap til kulturskilnader og utfordringar knytt til interkulturell kommunikasjon
- Kjennskap til særtrekk ved forbrukaråtferd i den individuelle marknaden vs. gruppemarknaden i reiselivet
- Kunnskap om kva faktorar som påverkar etterspurnaden i reiselivet, og om særtrekk ved tilbod og etterspurnaden i reiselivet
Ferdigheter:
- Bruke teoriar og modellar for forbrukaråtferd, avgjerdsprosessar og kjøpsåtferd i marknadsføringa generelt
- Undersøkje faktorar som kan vera drivarar for åtferd og endringar i avgjerdsprosessar i ulike reiselivsmarknader
Generale kompetanse å:
- Forstå korleis bedrifter og organisasjonar i reiselivsnæringa kan imøtekoma kundane sine gjennom planlegging
- Forstå preferansar til kundar i reiselivet
- Forstå avgjersler som forbrukarane tek i val av reisemål
- Forstå korleis reiselivsnæringa kan bruke marknadsføringsmixen og formulere strategiar for å betre konkurransekrafta si
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MF6-1000 Markedsføring
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og casestudiar i grupper. Emnet legg opp til læring gjennom studentaktivitet, og arbeid med praktiske problem gjennom casearbeid. I tillegg er det viktig med sjølvstudium og arbeid i grupper mellom førelesingane. Førelesingane skal dekkje dei mest sentrale delane av emnet og skal vere ei støtte til det andre arbeidet som studentane skal leggje ned i dette emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei skriftlege oppgåver som skal løysast i grupper på inntil fire personar. Eventuell individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg, individuell eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-208 - Forbrukaråtferd i reiselivet - Reduksjon: 5,5 studiepoeng