MGBMU301 Musikk 2, emne 1 - Musikalske møte i og utanfor klasserommet
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Musikk 2 emne 1 kan erstattast med utvekslingsopphold av tilsvarande omfang. Emnet er ope for innreisande studentar.
Sentrale tema i emnet vil vere kulturelt og musikalsk fellesskap, læring og ulike former for samarbeid på formelle og uformelle arenaer. Studentane skal utvikle sine musikalske og fagdidaktiske eigenferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing og praktisk og teoretisk musikkdidaktikk til bruk i skolen.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande kunnskap om musikalsk barnekultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk
- har kunnskap om mangfaldige og inkluderande fellesskap for musikalsk læring og hvordan slik kunnskap kan nyttast i grunnskulen
- har kunnskap om forholdet mellom musikk og elevers emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og begynnaropplæring
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing og arrangering/komponering
- kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere ulike læringsløp i musikk og kan vurdere enkeltelevers og elevgruppers arbeid
- kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har for musikk- og danseopplæring og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa i skulen
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
- kan legge til rette for elevvurdering som bygger på faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering, og kommunisere grunnlaget for vurderinga til andre
Krav til forkunnskapar
Musikk 1 emne 1 og 2.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, praktisk undervisning individuelt og i heilklasse og grupper, gruppearbeid og litteraturstudier. Observasjon av og refleksjon rundt musikkpraksisar i og utanfor skulen.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte
- Ei praktisk og ei skriftleg oppgåve.
Nærare retningsliner blir gitt.
Eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knyttast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Godkjent arbeidskrav er gyldig i semesteret etter godkjenninga.
Vurderingsform
Praktisk-metodisk eksamen.
Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Nødvendig musikkutstyr.
Meir om hjelpemiddel