Hopp til innhald

MGBNA301 Naturfag 2, emne 1 - Fysikk og kjemi i utdanning for berekraft

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Naturfag 2 er sett saman av to emner, kvart på 15 studiepoeng:

  • Naturfag 2, emne 1 - Den ikkje-levande naturen, framhald
  • Naturfag 2, emne 2 - Den levande naturen, framhald + FoU oppgåve

Begge emna er lagt til vårsemesteret tredje studieår. Det vert lagt til rette for utveksling dette semesteret.

Naturfag 2 supplerer naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset.

Fag og didaktikk vert sett på i samanheng og emna som takast opp skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 1 ¿ 7 i grunnskulen.

Naturfag 2 emne 1 bygger på naturfag 1 emne 2.

Gjennom dette emnet får du djupare kunnskap innan fysikk og kjemi. Kunnskap innan desse områda vert knytt til teknologi og miljø- og klimaspørsmål. Du lærer å bygge progresjon frå byrjaropplæringa til innlæring av meir avanserte og komplekse omgrepsstrukturar. Du vidareutviklar og eiga evne til å leie utforskande arbeid og å vidareutvikle elevar sine utforskande ferdigheiter. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskaper

Kandidaten

  • har kunnskap om vêr- og klimasystem både lokalt og globalt og kan drøfte problemstillingar knytt til klimaendringar
  • Kan diskutere samfunnsmessige, miljømessige og etiske problemstillingar knytt til ulike fornybare og ikkje-fornybare energikjelder
  • har kunnskap om ulike stoff og kjemiske reaksjonar, og deira tyding i miljøsamanheng
  • har kunnskap om elektronikk, gravitasjon og elektromagnetisme
  • har kunnskap om teknologiske moglegheiter og utfordringar knytt til kunnskap i kjemi
  • har kunnskap om bruk av ulike modellar som viser størrelsesorden i naturen
  • har kunnskap om bruk av ulike måleinstrument, måleeiningar og representasjonsformer, og korleis utvikle den grunnleggande ferdigheita rekning i naturfaget
  • har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
  • kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan legge til rette for kreativ og praktisk undervisning i naturfag og teknologi som gjev god progresjon mellom ulike steg
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer
  • kan legge opp til ei integrert naturfagundervisning og bruke naturfag som regifag i tverrfaglege samanhengar

Generell kompetanse 

Kandidaten

  • har innsikt i fagdidaktisk forsking om utvikling av evne til kritisk tenking og argumentasjon
  • har innsikt i fagdidaktisk forsking om danninga av omgrep og forståing av faglege samanhengar
  • kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barnesteget.

Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennom semesteret skal studentane fortløpande levere 4 - 5 arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Blant obligatoriske arbeid inngår:

  • Deltaking og journalføring frå 4 praktiske øvingar
  • Rapport frå praksisarbeid knytt til utforskande undervisning
  • Eit didaktisk arbeid knytt til bygging av omgrepsstrukturar.
  • Et arbeidskrav om profesjonsfaglig digital kompetanse i et samfunnsperspektiv

Nærare omtale og retningslinjer for arbeidskrav vil vere klare ved semesterstart.

Godkjente arbeidskrav er gyldige så lenge studenten har eksamensrett.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 6 timar.

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar i fysikk og kjemi, kalkulator.

Meir om hjelpemiddel