Hopp til innhald

MGBNO401 Norsk 2, emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Norsk 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO401) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget. Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 2 - Språk, kultur og litteratur 1 (MGBNO301).

Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomsteget, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om litteratur for barn, unge og vaksne, frå ulike tider og frå ulike kulturar
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har omfattande kunnskap om språkets retoriske funksjonar, munnleg kommunikasjon, og vidare lese- og skriveopplæring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap frå norsk-, skandinavisk- og engelskspråkleg faglitteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive, diskutere og arbeide med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium og frå ulike tider og kulturar
  • kan bruke kunnskap om retorikk og kommunikasjon i arbeid med ulike munnelege sjangrar
  • kan bruke og vurdere relevante arbeidsmåtar og læringsressursar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som litteratur-, kultur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingshistoriske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO401) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNO101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNO201).

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga. Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Eitt av krava er 80% oppmøte til undervisninga. Minst eitt skal vere munnleg og minst eitt skal vere knytt til forskingsmetode. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.

Eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. 

Vurderingsform

Studenten skal skrive FoU-oppgåve/semesteroppgåve enten i emne MGBNO301 eller MGBNO401.

Dersom studenten skriv FoU-oppgåve/semesteroppgåve i gjeldande emne, MGBNO401, er eksamen denne:

  • Individuell skriftleg FoU-oppgåve/semesteroppgåve og munnleg eksaminasjon. Studentar som tek emnet i 4. år i GLU, skal skrive ei semesteroppgåve. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri. Vekting: Oppgåve 50 % og munnleg eksaminasjon 50 %.
    Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
    Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Dersom studenten skriv FoU-oppgåve/semesteroppgåve i emne MGBNO301, er eksamen i gjeldande emne, MGBNO401, denne:

  • Individuell skriftleg mappevurdering av to tekstar. Målform: Bokmål og nynorsk. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • FoU-oppgåve/semesteroppgåve: alle
  • Munnleg eksaminasjon: ingen
  • Individuell skriftleg mappevurdering: alle

Meir om hjelpemiddel