MGBPP221 Profesjonsrettet pedagogikk, emne 2: Estetiske læreprosesser
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhold og oppbygning
Profilområdet estetiske læreprosessar i faget profesjonsretta pedagogikk omfattar kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse i erfaringsbaserte og natur- og kunstfagsinspirerte læreprosessar som er knytt til aktive og opplevingsorienterte kreative strategiar for heilskapleg læring, i spenningsfeltet mellom målretting og improvisasjon. Oppgåver, arbeidsmåtar og innhald i studieemna skal både gi brei erfaring med og djupnekunnskap om profilområdet.
Studentar som vel denne profilen vil samla få ei utdanning som er undervisningsretta og som sameinar kunnskap, dugleikar og generell kompetanse på tvers av pedagogikkfaget, den valde profilen og nærliggjande skulefag og skulerelevante fag. Studiet omfattar arbeid med kjerneelement i estetiske læreprosessar som fiksjon og fantasi, kropp i rørsle, skaping og gjenskaping i og med materialar, tekstar og musikk. Det blir lagt særleg vekt på korleis slike kjerneelement kan verta integrert, brukt, vurdert, og studert og forska på som didaktiske grep i skulen, i samspel med lærarutdanningsfaga som utgjer det samla studiet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har
- brei kunnskap om korleis estetiske læreprosessar inngår i skulen sitt kunnskapsgrunnlag
- innsikt i korleis estetiske perspektiv spelar saman med sentrale pedagogiske handlingsomgrep som undervisning, oppdraging, læring, vurdering og danning på klassetrinna 5-10
Ferdigheiter
Studenten kan
- anvende eit breitt utval av estetiske og praktiske arbeidsformer i undervisninga, særleg på ungdomstrinnet
- reflektere over korleis estetiske læreprosessar kan nyttast i ulike faglege kontekstar
Generell kompetanse
Studenten kan
- planlegge og gjennomføre undervisning der estetiske og praktiske arbeidsformer spelar saman med andre former
- vurdere elevarbeid der estetiske og estetiske arbeidsformer inngår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Profilen er organisert med førelesingar, obligatoriske samlingar samt nettbaserte ressursar. Arbeids- og læringsformene innanfor emnet er prega av variasjon, og omfattar også prosjektorganisert lærings- og produksjonsarbeid, fellesdrøftingar, gruppeprosjekt med rettleiing, ulike former for individuelt arbeid med rettleiing. Praktisk-estetisk skapande arbeid inngår i emnet i form av prosjekter.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Delta på samlingar og nettbaserte aktivitetar
- Innlevering av praktisk-estetisk arbeid, rapporter og refleksjonsnotat etter fastsatt plan
- Deltaking i prosjektarbeid, framføringer og veiledning
Arbeidskrav blir nærmere presisert i semesterplan. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Prosjekt.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle
Mer om hjelpemidler