MGUMU401 Musikk 2, emne 2 - Den utforskande musikklæraren
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studentar som er på utveksling kan ta Musikk 2 emne 2 som nettbasert fjernstudium.
Musikk 2 emne 2 gir ei innføring i ulike sider ved musikk, kultur og samfunn og innføring i forskings- og utviklingsarbeid i musikk. Studentane vert kjend med norsk og internasjonal forskingsbasert kunnskap knytt til musikkopplæring for elevar i grunnskulen.
Dette emnet omfattar også fordjuping innan arrangering og komponering som didaktisk redskap.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
- har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring og kunnskap om metodar for forskings- og utviklingsarbeid i musikk
- har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor omra¿da improvisasjon, komposisjon og arrangering
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over og drøfte musikken sine funksjonar som estetisk og fleirkulturelt samfunnsfenomen i relasjon til grunnskolekonteksten
- kan gjennomføre eit sjølvstendig og praktisk musikkpedagogisk forskings- og utviklingsarbeid som bygger pa¿ grunnleggande forskingsetiske prinsipp
- kan skape sin eigen musikk ved hjelp av akustiske og digitale lydkjelder og arrangere musikalsk materiale for elever på grunnskolens mellom- og ungdomstrinn
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom a¿ reflektere over, drøfte og vurdere aktuell forskning og ulike grunnskolerelaterte musikkdidaktiske kategorier
- kan bidra praktisk i faglege endringsprosessar gjennom a¿ legge vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga musikklærarrolle i grunnskolen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, nettstudier, litteraturstudier, studentstyrte seminar. Sjølvstendig FoU-arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte
- Eitt skriftleg arbeidskrav.
Problemstilling for FoU-oppgåva (semesteroppgåva for studentar som tek emnet i sitt 4. studieår) skal vere godkjend innan gitt tidsfrist før arbeidet med oppgåva kan starte.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgende semesteret etter godkjenninga.
Vurderingsform
Deleksamen, med eitt skriftleg FoU-arbeid (semesteroppgåve for studentar som tek emnet i sitt 4. studieår) og ein mappeeksamen.
FoU-arbeidet utgjer 51 % av endeleg karakter, og mappeeksamen utgjer 49 % av endeleg karakter.
Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.
Begge delar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Skriftleg FoU-arbeid/semesteroppgåve
Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Ved ikkje greidd, kan FoU-arbeidet/semesteroppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.
Mappeeksamen
Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel