Hopp til innhald

MGUNO301 Norsk på ungdomssteget 1: Historisk perspektiv

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på ungdomssteget 1 er første del av Norsk 2 for GLU 5-10. Norsk på ungdomssteget 2 kvalifiserer saman med emnet Norsk for mellomsteget 1 til norskundervisning på mellom- og ungdomssteget. Sentralt i Norsk på ungdomssteget 1 står historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

  • har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen, har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har og har hatt i kulturen vår, og om faghistorie
  • har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag og har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har god litteraturhistorisk oversikt, har kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
  • har kjennskap til internasjonal litteratur, særleg dansk og svensk
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar
  • har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget

Ferdigheiter

  • kan analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytt til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
  • kan vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk og førebu undervisning i språklege emne
  • kan lese, analysere, tolke og samanlikne tekstar skrivne for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Undervisninga er obligatorisk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Læringsmappe som består av 3 oppgåver, der ei kan vere knytt til praksis. For studentar som tar emnet som del av fag 1 eller fag 3, gjeld følgjande: Ei av dei  oppgåvene skal knytast til det fagovergripande temaet profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv.

I tillegg er 80 prosent frammøte eit obligatorisk arbeidskrav.

Begge arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen.

Vurderingsform

Vurderingsmappe. Skriftleg eller munnleg presentasjon av 2 element frå læringsmappa.

Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel