Hopp til innhald

MGUPP101 Profesjonsretta pedagogikk 1, emne 1 - Pedagogikk og pedagogiske handlingar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Profesjonsretta pedagogikk er samansett av eit fellesemne på 15 studiepoeng som er grunnlaget for fire ulike emne på 15 studiepoeng, som studentane kan velje mellom:

  • Profil 1: Framifrå undervisning
  • Profil 2: Estetiske læreprosessar
  • Profil 3: IKT i læring
  • Profil 4: Utviklings- og endringsprosessar i skulen

Kvart av desse emna har sine eigne læringsutbyte. Dei fire emna er lokale profilar på dei ulike studiestadane ved HVL, men kan vere delvis nettbaserte og tilbydast til alle studentane.  Studentar som held fram med profesjonsretta pedagogikk i 4. og 5. året, held også fram med profilen dei har valt i 3. studieår.

Profesjonsretta pedagogikk har kjernen sin i spenningsfeltet mellom pedagogisk handling, pedagogikk og pedagogikkvitskap. Pedagogisk handling er forstått som gjennomføringa av undervisning, pedagogikk er forstått som refleksjons- og praksisteori om og for pedagogisk handling. Vitskap om pedagogikk er grunnlaget for refleksjons- og praksisteori, og omfattar forsking og etiske vurderingar som grunngjev og forklarar handling. Emnet er delt i tre delemne.

Delemnet tar opp følgande tema:

  • Formål og oppgåver
  • Pedagogisk risiko
  • Normer og verdiar
  • Grunngjeving og forklaring på korleis vi forstår pedagogisk handling
  • Skule som pedagogisk institusjon
  • Pedagogiske handlingsomgrep (læring, danning, oppseding osv.)

I dette emnet arbeider vi med spørsmål knytt til pedagogisk handling, det som skjer umiddelbart i praksis. Kva ligg til grunn for ei pedagogisk handling, og kva skal til for at vi oppfattar handlinga som legitim? Kva slags formål og oppgåver kan knytast til pedagogisk handling? Kva er det som kjenneteiknar skulen som ein pedagogisk og inkluderande institusjon? Delemnet tematiserer problem og utfordringar med pedagogiske handlingar som enten er normative eller rettleiande og føreskrivande. Dessutan vil delemnet kaste lys over pedagogiske handlingsomgrep, som for eksempel oppseding, læring og danning, og korleis desse omgrepa kan operasjonaliserast.  Delemnet tek også opp forholdet mellom å planlegge undervising og samstundes vere open for situasjonar som ikkje kan planleggast, og som det er knytt risiko til.

  • Pedagogikkens historie
  • Teori for pedagogikk
  • Teori om pedagogikk
  • Pedagogiske forskingsomgrep
  • Pedagogisk teoridanning

Emnet tek opp grunnleggande omgrep brukt i og for pedagogikk. Ein studerer korleis pedagogisk kunnskap blir utvikla, kommunisert og brukt. Emnet gir eit historisk og systematisk overblikk over pedagogiske tradisjonar, teoriar og modellar. Det blir synleggjort korleis pedagogikkspråket blir relevant for praksis. Emnet legg vekt på korleis ulike didaktiske teoriar fungerer, og drøftar korleis didaktikk i eit undervisnings- og opplæringsperspektiv fungerer som profesjonskunnskap.

  • Det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen
  • Pedagogikk som samfunnsvitskap
  • Pedagogikk som menneskevitskap (humaniora)
  • Ulike måtar å organisere pedagogikk som forskings- og vitskapsdisiplin i historisk lys

Delemnet går inn på det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen. Kva vil det seie at ein teori er deskriptiv, analytisk og forklarande, samanlikna med teoriar som er normative? Korleis har moderne strukturar av pedagogikk som forskings- og vitskapsdisiplin blitt forma opp gjennom historia, både frå eit nasjonalt og eit internasjonalt perspektiv. Ulike måtar å organisere pedagogisk forsking på, vil bli problematisert og drøfta. Andre sentrale spørsmål som delemnet adresserer, er korleis pedagogikkvitskapen bør forhalde seg til andre vitskapsdisiplinar, fagområde og sentrale aktørar som har indirekte eller direkte følgjer for forskingsverksemda.

Læringsutbytte

Ved fullført studium skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Studenten skal ha kunnskap og forståing når det gjeld

  • legitimitet og grunngjeving for pedagogisk handling i ei mangfaldig elevgruppe på lågare klassetrinn
  • kva som karakteriserer skulen som pedagogisk, inkluderande institusjon på trinn 5-10
  • sentrale pedagogiske handlingsomgrep som undervisning, oppseding, læring, vurdering og danning på klassetrinna 5-10
  • inngåande kunnskap om pedagogiske handlingar på klassetrinna 5-10 , både kva ein gjer og kva for normer som er knytt til handlinga
  • korleis pedagogikkens historie har vore med på å forme moderne pedagogikk, spesifikt knytt til handlingsmål og -former
  • korleis kan pedagogisk forsking vere eit utgangspunkt for refleksjon om praksis på klassetrinna 5-10
  • teoriar om det særeigne ved pedagogikken 
  • korleis pedagogikk som forskings- og vitskapsdisiplin grip inn i både humaniora og samfunnsvitskapane 
  • moderne pedagogikk som teoretisk vitskapsdisiplin sett i historisk og internasjonalt perspektiv

Studenten skal kunne bruke kunnskap til

  • å utvikle kommunikasjon og handling i møte med elevgrupper på klassetrinn 5-10
  • å vise korleis ulike formål og oppgåver supplerer og grip inn i kvarandre i pedagogiske handlingssituasjonar  på klassetrinna 5-10
  • planlegging og gjennomføring av pedagogiske handlingar som både er og ikkje er uttrykt tydeleg i læreplanverket
  • bruk av pedagogiske teoriar i ulike former for grunngitt refleksjon over eigen og andre sin praksis på klassetrinna 5-10
  • bidra til å utvikle praksisteori i eit kollegafellesskap
  • pedagogikkvitskapleg profesjonsforsking  med ulike metodiske tilnærmingar
  • å bruke vitskapsbasert kunnskap og teori som er særeigen for pedagogikk, både i eige forskingsarbeid og i eit profesjonelt fellesskap

Studenten skal kunne bruke kunnskap og ferdigheiter når det gjeld

  • profesjonsetiske problemstillingar og si eiga rolle som pedagog i forhold til elever, kollegaer og leiing
  • å møte det uføresette i læringssituasjonar, og sjå det som ein ressurs for å  arbeide med elevmangfaldet på trinn 5-10
  • å analysere og vurdere eigen pedagogisk praksis på ein systematisk måte
  • kontinuerlege og diskontinuerlege perspektiv på oppseding og undervisning for klassetrinna 5-10
  • samhandling og kommunikasjon om pedagogikkens forhold til praktikarar, forskarar og styringsnivå
  • teoriar som er deskriptive, analytiske og forklarande samanlikna med normativ pedagogikk
  • å ha eit reflektert forhold til korleis kunnskap frå andre disiplinar spelar saman med vitskapleg kunnskap i metodikk  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Organisering av undervisninga i dette emnet vil vere felles for alle campus og utførast i  ein kombinasjon av nettbasert undervisning gjennom Canvas, og fysiske  samlingar. Der vil også vere noko undervisning på lokale campus.  Undervisningsformer vil vere ein kombinasjon av forelesingar og studentaktive, både i storsamlingar og i mindre grupper, på nett og på ulike campusar og klasserom.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på samlingar og nettbaserte aktivitetar
  • 3 refleksjonsnotat knytt til eigen læringsprosess og det faglege grunnlaget

Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.

Vurderingsform

Skriftleg individuell oppgåve basert på sjølvvald problemstilling (ca. 3000 ord), med utgangspunkt i refleksjonsnotata frå arbeidskravet.

Karakterskala: Greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel