Hopp til innhald

MR691 Masteroppgåve i organisasjon og leiing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Tema for masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva skal som hovudregel gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet. Unntaksvis kan det gjennomførast eit reint, analytisk arbeid. Oppgåva er eit individuelt sjølvstendig arbeid eller arbeid i gruppe på inntil to studentar. Det blir gitt rettleiing undervegs.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande av av kunnskap, ferdighet og generell kompetanse:

 

  • ha avansert kunnskap om å gjennomføre eit vitskapleg forskingsprosjekt.

 

  • kunne avgrense og operasjonalisere ei komplisert problemstilling slik at den kan danne grunnlag for nærare empirisk gransking
  • kunne handsame empiriske data frå organisasjons- og arbeidsliv gjennom relevante metodar på ein slik måte at det kan trekkjast vitskaplege slutningar frå datamaterialet
  • kunne kaste lys over eit empirisk materiale gjennom relevante teoretiske perspektiv på ein slik måte at det syner sjølvstendig tileigning av abstrakt kunnskap
  • kunne presentere empiriske data og analytiske resonnement på ein systematisk måte, og gjennom dette vise at han/ho har tileigna seg eit intersubjektiv språk og framstillingsform

 

  • Etter avslutta emne skal studenten på eit sjølvstendig grunnlag kunne gjennomføre eit  vitskapleg forskingsarbeid.

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha gjennomført alle andre emne i studieplanen for master i organisasjon og leiing.

Undervisnings- og læringsformer

Kvar student får tildelt ein rettleiar. Undervisninga skjer i stor grad gjennom individuell rettleiing. Der to studentar skriv i lag, blir det tildelt ein rettleiar for begge. I tillegg skal studenten legge fram to arbeidskrav. Det første arbeidskravet er ein munnleg presentasjon av undersøkjingsopplegget. Det andre arbeidskravet er ein munnleg presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet. Begge arbeidskrava blir lagt fram på samlingar for/med medstudentar og fagtilsette ved HVL. Aktiv deltaking på slike samlingar er ein føresetnad for å få utbytte av rettleiing. Kontakt med rettleiar/faglærar kan skje via elektroniske medium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 7: Munnleg presentasjon av undersøkjingsopplegg for masterprosjektet

Arbeidskrav 8: Munnleg presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet

 

Arbeidskrava skal vere godkjende før studenten kan levere endeleg oppgåvetekst til sensur. Emneansvarleg/programansvarleg godkjenner arbeidskrav.

 

Dersom tema for masteroppgåva blir endra, må arbeidskrav 7 og 8 gjennomførast på ny.

Vurderingsform

Oppgåve

Masteroppgåve.  Bokstavkarakter A-F. Oppgåveteksten skal følgje bestemte formalkrav som vert gjort kjende gjennom seminar, rettleiing og informasjon i Canvas.

Oppgåva kan enten skrivast individuelt eller to studentar kan skrive ilag.

Ved stryk kan omarbeidd tekst leverast innan gitt frist.

Det er ikkje høve til å få vurdert ei revidert masteroppgåve i det same studieprogrammet når studenten tidlegare har fått vurdert si oppgåve med greidd resultat. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MR690 - Masteroppgåve med metode - Reduksjon: 28,5 studiepoeng
  • MR690 - Masteroppgåve i organisasjon og leiing - Reduksjon: 28,5 studiepoeng