Hopp til innhald

MS1-303 Hjelpeapparatet i velferdssamfunnet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet fokuserer på korleis organisering og strukturar i velferdssamfunnet påverkar samhandling og flyt av tenester på individ- og systemnivå. Studentane skal gjennom innsikt i forvaltningskunnskap og organisasjonsteori få auka forståing av korleis offentleg politikk vert utforma og sett i verk. Det vert lagt vekt på velferdssamfunnet sine krav om at dei som yter tenester skal bidra til fornying og forbetring av tenestene. Brukarar som har behov for heilskaplege tenestetilbod kan ha hatt kontakt med helse- og sosialtenester på kommunalt og statleg nivå. Emnet gjev kunnskap som vil setje studentane i stand til å utforme tenestetilbod på tvers av nivå og sektorar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har /kan studenten:

  • inngåande kunnskapar om korleis offentleg politikk og reformer i offentleg sektor vert utforma og sett i verk, og om velferdssamfunnet sine utfordringar
  • inngåande kunnskap om korleis organisatoriske tilhøve påverkar samhandling
  • kunnskap om den rolla frivillige organisasjonar spelar som supplement til dei offentlege velferdstenestene
  • kritisk reflektere over det komplekse hjelpeapparatet sine moglegheiter og avgrensingar og sette i verk adekvate tiltak
  • bruke kunnskapar fleirfagleg og i samarbeid på tvers av etatar om pasientar/brukarar
  • analysere behovet for og sette i verk forbetring av tenester på individ og systemnivå

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, fleirfaglege refleksjonsgrupper, sjølvstudium, individuell oppgåve. Seminar med framlegg og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Individuell oppgåve som grunnlag for gruppearbeid. Gruppearbeidet vert avslutta med eit førebudd framlegg i plenum.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen. Omfang 2000 ord +/-10%. Gradert karakter A- F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel