Hopp til innhald

MS1-305 Prosjektførebuing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Dette emnet har fokus på å førebu studentane til å skrive masteroppgåve. Emnet vil gi innføring i ulike måtar å utforme eit prosjekt og kva element som må planleggast før ein startar eit forskingsarbeid. Studentane skal få trening i å beskrive, legge fram og diskutere kva som kan vere eigna tema og problemstillingar innanfor det området han/ho vil jobbe sjølvstendig med i siste del av studiet. Her inngår korleis problemstillinga legg føringar for val av design og forskingsmetode. Studentane vil få innføring i søknader til sentrale myndigheter (t.d Regionale komitear for forskingsetikk og Norsk samfunnsvitenskapelig datateneste).

Læringsutbytte

Etter avslutta emne har/kan studenten

  • innsikt i betydinga av å planleggje eit forskingsprosjekt, samt kunne planlegge og utvikle eige forskingsprosjekt
  • kunnskap om oppbygginga av og delane i ei prosjektbeskriving og korleis dei ulike delane heng saman
  • kritisk diskutere og argumentere bakgrunn for og utforminga av ei problemstilling
  • gje ei fagleg grunngjeving for korleis systematisk samle inn og handtere ulike typar data
  • kunnskap om forskingsetiske spørsmål

Krav til forkunnskapar

Bør ha gjennomført emnet Forskingsmetode

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, sjølvstudium. Seminar med framlegg og diskusjon. Studenten får tildelt rettleiar til prosjektplanen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på seminar med framlegg av prosjektskisse

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10 %. Greidd/ikkje greidd

Ved ikkje greidd vurdering er det høve til å levere ein forbetra versjon til vurdering