MS1-308 Demens og alderspsykiatri
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet er bygt opp omkring tre tema som samla femner om dei utfordringar fagfeltet demens og alderspsykiatri står ovanfor; førebygge, diagnostisere og behandle psykiske lidingar som opptrer i høg alder. For å kunne yte tenester til desse pasientgruppene må ein ha spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi.
Tema 1: Demens- og alderspsykiatrisk utgreiing og behandling
Temaet omhandlar diagnosegruppene demens, delirium, depresjon, angst, seint debuterande psykosar og rusmiddelbruk; førekomst og årsak, symptom og differensialdiagnostiske problem. Modellar for utgreiing vert presenterte. Det vil også bli sett fokus på juridiske aspekt og etiske problemstillingar knytt til omsorg og behandling av desse pasientgruppene.
Tema 2: Kommunikasjon, samhandling og miljøtiltak
Tema omhandlar kommunikative prinsipp for samhandling, prinsipp for tilrettelegging av miljøet, dagleglivet og trivselstiltak. Metodar i kvalitetsutvikling, t.d. Marthe Meo og Dementia Care Mapping vert omhandla, samt omsorgsteknologiske løysingar. Førebyggande tiltak og måtar å intervenere på i forhold til personar med utfordrande åtferd vil stå sentralt. Det vert lagt vekt på det særskilde ansvaret som kviler på hjelparen for å unngå å krenke pasienten. Rolla til pårørande, støttegrupper og organisasjonar for pårørande samt samarbeid mellom pårørande og hjelpeapparatet er sentralt.
Tema 3: Alderspsykiatriske tenester i første- og andrelinjetenesta
Temaet set søkelys på organisering av alderspsykiatrisk tilbod i første- og andrelinjetenesta, og lover og forskrifter som regulerer tenesta. Utvikling av tenester som støttar opp under førebygging og tidleg innsats vil stå sentralt (Meld. St. 29 (2012-2013); Demensplan 2020)).
Læringsutbytte
Ved fullført emne har/kan kandidaten
Kunnskap
- inngåande kunnskap om sjukdom, diagnostikk, behandling og omsorg knytt til demens- og alderspsykiatriske lidingar.
- kunnskap om politiske føringar og organisering knytt til feltet demens og alderspsykiatri.
Ferdigheiter
- analysere ulike faktorar som kan påverke personer med demens og alderspsykiatriske lidelser, deira helse og livssituasjon.
- identifisere og diskutere kva som skil normale aldersendringar frå endringar der årsaka er demens- og alderspsykiatrisk sjukdom.
- bruke relevante metodar i behandling, omsorg og rettleiing av personer med demens og alderspsykiatriske liedleser, deira pårørande og det sosiale nettverket.
- analysere og stille seg kritisk til eksisterande praksiser og teorier som anvendes overfor pasientgruppa.
Generell kompetanse
- bidra til nytenking og innovasjon i arbeidet med å leggje til rette tilbod for pasientar i og utanfor institusjon.
- kunne identifisere organisasjonsmessige utfordringar innan innsatsfeltet.
- formidle og kommunisere inngåande kunnskap om fagområdet demens- og alderspsykiatri.
Krav til forkunnskapar
Treårig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet og eitt års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjar med anna høgskule- eller universitetsutdanning kan takast opp etter særskilt vurdering. Søkjarar som tek emnet som valfri del av master i samhandling innan helse- og sosialtenester får fritak for praksiskravet.
Tilrådde forkunnskapar
Det vert forventa at studentane har gode forkunnskapar om normal aldring.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert brukt varierte undervisnings- og læringsformer; førelesingar, seminar, sjølvstudium og gruppearbeid. På fellessamlingane vert det lagt opp til at studentane har korte framlegg for kvarandre med utgangspunkt i eigen praksis og arbeidskrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen.
Innlevering av to skriftelege arbeid relatert til fagområdet
1. innlevering er individuell, maks 500 ord
2. innlevering er i gruppe, maks 2500 ord
- aktiv deltaking i gruppearbeid
- 80 % frammøte til fellessamlingane
Vurderingsform
Ei individuell skriftlig oppgåve relatert til fagområdet, maks 4000 ord.
Hjelpemiddel ved eksamen
alle
Meir om hjelpemiddel