Hopp til innhald

MT500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet har tre samlingar à fire dagar med ulike arbeidsoppgåver mellom samlingane. Innhald i emnet er:

- Teoriar om salutogenese

- Teoriar om rehabilitering og folkehelse.

- Ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne

- Relasjon

- Fysisk aktivitet og naturopplevingar

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha:

Kunnskap om:

- teoriar om omsorg, aktivitet og helse med utgangspunkt i salutogenese

- teoriar om rehabilitering og folkehelse

- samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse

- ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne

- relasjonelle faktorar

Ferdigheiter i å:

- kunne analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar om helsefremjande faktorar.

Generell kompetanse:

- kunne anvende teoriar om helsefremjande faktorar og analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av desse teoriane.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. Skriftlege førebuingar mellom samlingane, etterfølgt av munnlege presentasjonar (relevane metodar som førebuing til sluttvurdering). Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minimum 80 % deltaking i samlingane.

Ei skriftleg oppgåve. Studenten får ei rettleiing på oppgåva.

Oppgåva vert vurdert til bestått/ ikkje bestått. Arbeidskravet må vere greidd for å kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen over 9 dagar. Omfang er 3000 ord +/-10%.

Vurderingsutrykk  A - F der F er ikkje greidd

Ny eksamen

Om kandidaten får ikkje greidd på eksamen eller vil forbetre karakter - må heile eksamen takast opp att, og ny oppgåve løysast.