Hopp til innhald

OR6-2001 Prosjektleiing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet tek føre seg følgjande tema:

  • Innsikt i prosjektorganisering og arbeidsmåtar i prosjekt
  • Samansetjing og utvikling av team og gruppeprosessar.
  • Prosjektstyringsverktøy, kva er dei og korleis nytter ein dei til å styre og leie prosjekt.
  • Utfordringar med leiing av prosjekt, leiarolla i prosjekt, teamleiing og coaching.
  • Styring av framdrift, ressursar og risiko.
  • Læring, kompetanseoverføring og evaluering i og av prosjekt

Læringsutbytte

Studenten skal tileigne seg kunnskap om sentrale tema i organisasjon og leiing gjennom arbeid med og forståing av prosjekt. Emnet skal gi ei innføring i prosjektarbeid og prosessane bak.

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskapar:

Studenten skal

Vite kva prosjekt er.

  • skildre prosjektarbeidsprossesen frå byrjing til ferdig prosjekt, samt evaluere prosessen og resultatet.
  • forklare betydinga av organisering, styring og leiing i prosjekt.
  • forklare betydinga av teamarbeid i prosjekt.
  • gjere greie for kriterium for val av prosjektstyringsverktøy.

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • Utvikle prosjektidear.
  • planlegge og gjennomføre prosjekt.
  • følgje opp prosjektarbeid.
  • rapportere, analyser og evaluere prosjektarbeid.
  • kunne lede og være ein del av prosjektarbeid i arbeidslivet.

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • reflektere over og evaluere eigen erfaring.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsforma vil variere mellom førelesingar, gjesteførelesingar, praktisk arbeid, sjølvstudium, og gruppeøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt godkjent arbeidskrav for å få eksamensrett. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Vurderingsform:

Skriftleg 2 timars skuleeksamen tel 40%

Studentane skal gjennom heile stemesteret arbeide med ei større gruppeoppgåve til mappe, denne tel 60%

 

 

 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel