Hopp til innhald

PL416 Landskapsanalyse

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Introduksjon av omgrepet landskap og kunnskap om landskapskonvensjonen. Analyse av eit landskap etter metoden til Direktoratet for Naturforvaltning og Riksantikvaren. Det inneber registrering av naturtilhøve, inkludert geologi, terreng, klima og vegetasjon, samt arealbruk og busetnad, historiske tilhøve, kulturell referanse og visuelle tilhøve, og bruk av dette til å fastsetje landskapskarakterar, og vurdere landskapet sin verdi.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne skal studentane:

Kunnskap

  • kjenne ulike bruksmåtar av ordet landskap.
  • kjenne til landskapskonvensjonen
  • forstå betydninga av landskapskarakterar og landskapet sin verdi

Ferdigheiter

  • kunne samle informasjon om landskapet gjennom egen observasjon og innhenting av informasjon frå ulike kjelder, og trekke ut den relevante informasjonen
  • kunne legge fram ein analyse skriftleg og visuelt (med bruk av kart og bilete), samt forklare den munnleg

Kompetanse

  • kunne gjennomføre ein heilskapleg analyse av eit landskap, kor landskapskarakterar og landskapet sin verdi vert bestemt ut frå eigenskapar ved staden
  • kunne drøfte problem med objektivitet i analyse av landskapet

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar. Lærarassistert arbeid med landskapsanalyse av eit konkret område, i grupper. Eiga innsamling av informasjon frå skriftlege og munnlege kjelder, og observasjonar i felt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i gruppearbeid

Vurderingsform

Skriftleg prosjektoppgåve i 2 deler:

Del 1: Grupper på 3 - 5 studentar, tel 40% av samla karakter.

Del 2: Individuell del, tel 60% av samla karakter.

Ved stryk på del 1 og 2 må ny oppgåve løysast. Ved stryk i Del 2 må Del 2 gjerast på ny.

Bokstavkarakter A-F