Hopp til innhald

PL471 Kulturmiljøforvaltning

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Historisk utvikling av kulturlandskapet i Norge frå siste istid og fram til historisk tid. Primærnæringar og struktur (råvarer, foredling, driftsteknikkar, reiskapsbruk). Presentasjon av kulturminne knytte til religion, samferdsle, jakt, fangst, forsvar m.m. Bygningar og byggjeskikk, konkrete element. Nyare tids kulturminne. Forvaltning etter «Lov om kulturminne»

Læringsutbytte

Kunnskap

  • om ulike faste og lause kulturminne som grunnlag for forvaltning
  • utviklingstrekk i norsk byggjeskikk
  • kulturpåverknaden i landskapet og den historiske utviklinga av kulturlandskapet
  • hovudtrekka i norsk kulturminneforvaltning
  • om sentrale kulturminnedatabasar

Ferdigheiter

  • påvise automatisk verna kulturminne
  • bruke databasar til å innhente opplysingar om registrerte kulturminne
  • utøving av basal kulturminneforvaltning

Kompetanse

  • kandidaten har innsikt i relevante problemstillingar i faget
  • kandidaten kan formidle sentralt fagstoff, både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, videopresentasjonar, ekskursjonar og gruppeoppgåve (case-study) med presentasjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent skriftleg gruppeoppgåve med munnleg framføring 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 t. Bokstavkarakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel