Hopp til innhald

PR142 Rettleiing 1 for pedagogar i barnehagen

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

  • ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing retta mot kompetanseutvikling som profesjonsutøvar
  • kommunikasjon i teori og praksis
  • dilemma knytt til etikk, autoritet og makt
  • kritisk tenking som danningsideal
  • rettleiing i eit didaktisk og organisatorisk perspektiv
  • refleksjon og kritisk analyse i rettleiing knytt til eigen rettleiarrolle og rettleiinga sitt innhald

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om nyare teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • har kunnskap om etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar
  • har kunnskap om korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i barnehagen
  • har kunnskap om korleis dei kan inkludere nyutdanna i eit kritisk reflekterande fellesskap
  • har kunnskap om eit breitt repertoar av tilnærmingar til rettleiingsfeltet

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å nytte rettleiing gjennom reflekterande prosessar individuelt og i gruppe
  • er i stand til å planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid
  • meistrar kommunikasjon på ulike nivå

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og problematisere eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • kan bruke kunnskap og røynsle i samhandling og kommunikasjon som bidreg til oppleving av meistring og handleevne

Krav til forkunnskapar

Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må vere tilsett i ein barnehage.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Bruk og vidareutvikling av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå. Studentane vil få rettleiing og tilbakemelding på eiga rettleiing på heildagssamlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk deltaking på fellessamlingar.

Deltaking i tre samlingar i nettverksgruppene.

To fagtekstar (inntil 1200 ord).

Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vera gjennomført og godkjent før ein framstiller seg til eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 14 dagar, knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Omfang 2500 ord +/- 10%.

Gradert karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel