Hopp til innhald

SØ6-1001 Samfunnsøkonomi mikro

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Produksjonsteori, konsumentteori, marknadsteori, effektiv ressursbruk og informasjonsproblem.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • forstå grunnleggjande mikro- og marknadsteori
  • kjenne til korleis ulike former for økonomisk politikk verkar på dei einskilde aktørane si økonomiske åtferd og korleis den økonomiske politikken påverkar prisar, produksjon og samfunnsøkonomisk effektivitet
  • forstå kva som er meint med omgrep som samfunnsøkonomisk overskot, konsumentoverskot, produsentoverskot og marknadslikevekt
  • forstå korleis endringar i produksjons- eller forbrukaravgjerder i ein del av økonomien påverkar økonomiske avgjerder i andre delar av økonomien

 

Dugleikar:

  • framstille og forklare konsumentane sine avgjerder basert på preferansar, prisar og inntekt
  • framstille og forklare produsentane sine avgjerder basert på teknologi og faktorprisar
  • vise og forstå korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar skaper ei marknadslikevekt
  • finne marknadslikevekta under ulike marknadsformer
  • kunne drøfte kriterium for økonomisk effektivitet og analysere samanhengen mellom marknadslikevekt og effektivitet
  • kunne analysere situasjonar der marknadslikevekta ikkje er effektiv, og kva styresmaktene kan gjere for å bidra til auka effektivitet

 

Generell kompetanse:

  • kunne ta stilling til økonomiske resonnement knytt til faget, som t.d. spørsmål om store bedriftsfusjonar.
  • Kunne forstå hovudtrekka i faglege utgreiingar innanfor det mikroøkonomiske området.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar i matematikk tilsvarande emnet ME6-1000 Matematikk for økonomar

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestera.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator

Meir om hjelpemiddel