SA591 Arbeidslivsretta sosiologi
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet består av eit førebuande seminar som blir gjennomført ved høgskulen, eit praksisopphald og eit etterarbeid som inneber ein munnleg presentasjon og skriving av praksisrapport.
Praksisopphaldet kan ha fleire føremål. Studenten får høve til å bruke og utvikle sin faglege kunnskap på ein relevant arbeidsplass. Gjennom praktiske oppgåver, samarbeid og rettleiing skal studenten få høve til å erfare korleis det er å arbeide i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidige yrkesrolle. Her vil føremålet vere trening i relevant yrkesutøving. Opphaldet kan også nyttast som grunnlag og inspirasjon for å utvikle sosiologiske problemstillingar knytt til arbeidslivet, og som studenten kan følgje vidare opp i seinare studiar (bachelor- eller masteroppgåve). I dette tilfellet vil opphaldet også gjere nytte som førebuing til forskingsarbeid innanfor eksempelvis arbeids-, organisasjons-, eller økonomisk sosiologi.
Studenten skal delta i arbeidsoppgåver som både er tilpassa arbeidsgjevar sitt behov og den faglege kompetansen som studenten representerer. Arbeidsoppgåvene skal konkretiserast i ein skriftleg avtale mellom studenten og den einskilde arbeidsgjevar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført praksisemne skal studenten ha kunnskap om:
- Korleis ein kan kombinere og nytte teoretisk og erfaringsbasert kunnskap i arbeidslivet
- Korleis arbeidsgjevar organiserer og gjennomfører arbeidsoppgåver
Ferdigheiter
Etter fullført praksisemne skal studenten kunne:
- Bruke fagkunnskap, ferdigheter og generell kunnskap frå studiet i ein yrkessituasjon
- Bruke erfaring og teoretisk kunnskap til å gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit utgreiingsarbeid
- Reflektere over praksisplassen sosialt og organisatorisk
- Finne, vurdere og vise til innovasjonsprosessar på arbeidsplassen
Generell kompetanse
Etter fullført praksisemne skal studenten kunne:
- Bidra til utvikling av god praksis med utgangspunkt i fagleg kunnskap
- Utveksle synspunkt og erfaringar om eiga rolle som yrkesutøvar og arbeidstakar
- Overføre lærdom frå praksisperioden til andre arbeidssamanhengar
- Granske, problematisere og vurdere sosiologisk relevante forhold på en arbeidsplass
- Planlegga og gjennomføra mindre og større arbeidsoppgåver, både åleine og i samarbeid med andre
Krav til forkunnskapar
Minimum femti studiepoeng av dei obligatoriske emna i det tilrådde løpet for bachelorprogrammet
Tilrådde forkunnskapar
SA 592 Arbeidssosiologi med metode
Undervisnings- og læringsformer
Seminar, opphald ved ein fagleg relevant arbeidsplass, munnleg framføring, skriftleg rapport.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten må ha fullført følgjande arbeidskrav:
- Deltaking på oppstartseminar, førebuing til deltaking ved arbeidsplass (godkjend/ ikkje godkjend)
- Praksisperiode tilsvarande sju vekers fulltidsarbeid (godkjend/ ikkje godkjend)
- Ei munnleg framføring (godkjend/ ikkje godkjend)
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester.
Vurderingsform
Oppgåve. Individuell skriftleg innlevering. Omfang: 3000 ord. Greidd/ ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel