Hopp til innhald

SA592 Arbeidssosiologi med metode

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gir innsikt i nokre sentrale delar av arbeidssosiologien, og er ei fordjuping av kunnskap om arbeid som studentane møter tidlegare i studiet. Emnet kan takast som sjølvstendig emne, men er også tenkt som førebuing til emnet «Arbeidslivsretta sosiologi», som for bachelorstudentar følgjer rett etter. Emnet vil presentere og drøfte organisering og styring av moderne arbeidsprosessar, verknaden av digitalisering og andre teknologiske endringar, og kva vilkår arbeidstakarar har til å påverke arbeidskvardagen. Den sosiologiske forståinga av verknadar av klasse- og kjønn i sosiale prosessar, kjem fram i studiet av det moderne arbeidslivet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha brei kunnskap om:

  • analysar av makt og innverknad i det moderne arbeidslivet i sosiologisk perspektiv
  • klasse- og kjønnsdimensjonar som kan kome til uttrykk i arbeidslivsrelasjonar
  • kva rolle digitalisering og ny teknologi spelar for endringar i arbeidsprosessar og arbeidslivsrelasjonar
  • korleis ein kan bruke ulike metodar (særskilt etnografiske) for å opparbeide kunnskap om dagens arbeidsliv, spesielt i samband med deltaking i, og observasjon av arbeidsprosessar

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • bruke arbeidssosiologi til å identifisere og diskutere prosessar som endrar arbeidslivet i dag
  • reflektere over nytten av ein praksisperiode i arbeidslivet som grunnlag for eit akademisk arbeid, og/ eller som arbeidslivsopplæring.
  • bruke metodelitteratur og annan faglitteratur til å utforme eit opplegg for studiet av endring og stabilitet i dagens arbeidsliv

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha innsikt i omgrep og tilnærmingar frå arbeidssosiologi som grunnlag for å forstå og utvikle arbeidslivet som deltakar, student eller utgreiar.
  • kunne formidle relevant og oppdatert kunnskap til å forstå prosessar i moderne arbeids- og organisasjonsliv
  • kjenne til bakgrunnen for tenkinga rundt og politikken for innovasjonsprosessar i arbeidslivet

Krav til forkunnskapar

Minimum 50 studiepoeng av dei obligatoriske emna i løpet for bachelorprogrammet i sosiologi.

Tilrådde forkunnskapar

120 studiepoeng i sosiologi og/ eller andre samfunnsvitskaplege/ historiske emne.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, munnlege presentasjonar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Munnleg framlegg av plan for å orientere seg om, studere eller arbeide ved ein arbeidsplass.

Arbeidskrava må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. 

Arbeidskrava er gyldige i tre påfølgande semester.Godkjenning av arbeidskravet: greidd/ ikkje greidd.

Vurderingsform

4 timar skriftleg skuleeksamen, Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel