SA6-406 Leiing av pedagogisk verksemd
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet rettar søkelys mot leiarens arbeid med utvikling av barnehagelærarar, lærarar og barn og unge sitt læringsarbeid, kvalitetsvurdering og effektiv bruk av menneskelege og materielle ressursar. Dette skjer gjennom ei praksisnær gjennomføring av studiet. Det blir lagt vekt på refleksjon rundt eigen praksis i samspel med teoretisk forståing av sentrale, faglege tema.
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om kva omgrep som kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling, samfunnsmandatet og systemisk tenking kan bety i drift og utvikling av pedagogisk verksemd
- har avansert kunnskap om profesjonelle lærande fellesskap som tek utgangspunkt i idégrunnlag for barnehage og skule
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere endrings- og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere faglege problemstillingar knytt til IKT som kunnskapssystem i offentlege verksemder
- kan leie gruppe- og organisasjonsprosessar i barnehage og skule
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Samlingane er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom førelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil være relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Studentane blir organisert i føremålstenlege grupper som skal jobbe saman undervegs i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire korte tekstar (800-1000 ord) som drøftar innhald på samlingane, teori og eigne erfaringar i utdanningsfeltet.
Eitt individuelt notat (maks 1200 ord) som drøftar eige læringsutbyte på emnet med utgangspunkt i relevant teori.
Eit arbeidskrav er gyldig dei fire påfølgjande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.
Vurderingsform
Mappe som innheld eitt arbeid
Oppgåve som handlar om leiing og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Kan leverast individuelt eller i gruppe (maks tre personar). Individuell innlevering har tilrådd omfang ca 5000 ord. Dersom gruppe er omfanget ca. 8000 ord.
Bokstavkarakter A-F.
Ved stryk kan omarbeidd tekst leverast.