SA601 Historie 1700-1914: Frå opplysningstida til fyrste verdskrigen
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet byrjar med dei varierande statssystema i Europa og det globale økonomiske systemet som hadde Europa som sentrum. Framveksten av ein moderne norsk nasjonalstat vil bli nytta som inngang for å forstå ei generell utvikling i den vestlege verda med nasjonsbygging og demokratisering. Dette skjedde i mange samfunn i perioden parallelt med industrialisering, urbanisering og migrasjon som stod sentralt i djuptgripande moderniseringsprosessar i samfunnet. Dette var ein prosess som både hadde økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle sider. Det imperialistiske verdssystemet nådde høgdepunktet mot slutten av perioden.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten..
- har brei realhistorisk kunnskap om sentrale hendingar, samfunnsstrukturar, idear og prosessar i norsk, europeisk og global historie frå 1700 til første verdskrigen
- kan gjere greie for opplysningstida og dei amerikanske og franske revolusjonane
- kan gjere greie for den fyrste og andre industrielle revolusjonen
- kan forklare sentrale omgrep som nasjonalisme og imperialisme og gjere greie for den europeiske dominansen
- har kunnskap om slaveri, liveigenskap og personleg fridom
- har kunnskap om dei store vitskaplege gjennombrota frå Darwin til Einstein
- kan gjere greie for utbygging av infrastruktur, globale handelssystem og gjennombrotet for massemedia
- har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
- har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
Ferdigheiter
- kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
- kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme moderne samfunn
- kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
- kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt
Generell kompetanse
- kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- kan formidle sentralt historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
- kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
- kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarundervisning, munnleg framlegging og individuelt arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80 %).
2. Studenten skal skrive tre mindre oppgåver med tilbod om rettleiing. Oppgåvene må vere greidde for å gå opp til eksamen.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel