Hopp til innhald

SA605 Historiefagleg praksis

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet består av eit førebuande oppstartseminar som blir gjennomført på høgskulen, eit praksisopphald og eit etterarbeid som inneber skriving av praksisrapport og ein munnleg presentasjon.

Målet med praktikantopphaldet er å gje studenten høve til å bruka og utvikla sin faglege kunnskap på ein relevant arbeidsplass, til dømes museum, arkiv, mediebedrifter, reiseliv, offentleg forvaltning og andre verksemder som driv ei eller anna for form for historieformidling. Det vil særleg stå sentralt å driva formidling av historisk kunnskap gjennom kortare tekstar i ulike sjangrar og med ulike publiseringsverkty. Studenten skal gjennom dette arbeidet utvikla ei sjangerforståing i populær formidling av historie og forståing for sterke og svake sider og god bruk av ulike medium og publiseringsplattformer. Gjennom observasjon, praktisk utøving, samarbeid og rettleiing skal studenten få høve til å erfara korleis det er å arbeida i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidig yrkesrolle.

Studenten skal delta i arbeidsoppgåver som både er tilpassa arbeidsgjevar sitt behov og den historiefaglege kompetansen som studenten representerer. Studenten nyttar ein praksisplass som er skaffa av høgskulen eller kan skaffe sin eigen praksisplass etter godkjenning av høgskulen. Arbeidsoppgåvene skal konkretiserast i ein skriftleg avtale mellom studenten og den einskilde arbeidsgjevar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Kan gjere greie for korleis historie blir formidla i ulike sjangrar, medium og plattformar i ein yrkessituasjon
  • Kan gjere greie for korleis ein kan kombinere og utnytte teoretisk og praktisk og erfaringsbasert kunnskap i arbeidslivet
  • Kan gjere greie for korleis arbeidsgjevar organiserer og gjennomfører arbeidsoppgåver

Ferdigheiter

  • Kan formidle historisk kunnskap som kan vere relevant for arbeidsplassen i utvalde sjangrar og gjennom eit utval publiseringsverkty
  • Kan bruke fagkunnskap, ferdigheter og generell kunnskap frå studiet i ein yrkessituasjon
  • Kan delta aktivt på ein arbeidsplass
  • Kan planleggje og gjennomføre mindre og større arbeidsoppgåver, både åleine og i samarbeid med andre
  • Kan planleggje og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit utgreiingsarbeid

Generell kompetanse

  • Kan formidle og reflektere over erfaringar frå eiga fagleg verksemd
  • Kan bidra til utvikling av god praksis med utgangspunkt i fagleg kunnskap
  • Kan reflektera over eiga rolle som yrkesutøvar
  • Har kunnskap om korleis arbeidsmarknaden ser ut og kva for sektorar som kan vere aktuelle karrierevegar
  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

1) Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor i historie eller årsstudium i historie.

2) Avlagd eksamen i Ex.phil og Ex.fac.

Undervisnings- og læringsformer

Seminar, praksisopphald, observasjon, skriftleg praksisrapport, munnleg framføring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten må ha fullført følgjande arbeidskrav:

1. Deltaking på oppstartseminar

2. Praksisperiode tilsvarande sju vekers fulltidsarbeid

3. Munnleg framføring

Vurderingsform

Oppgåve. Skriftleg praksisrapport (3000 ord)

Vurdering: Greidd/Ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle.

Meir om hjelpemiddel