Hopp til innhald

SK162 Sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er knytt til sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade hos pasientar i sjukehus.

Dei ulike tema i emnet er:

  • sosiologiske perspektiv på sjukdom, ulikskap i helse og helsetenester, identitet, roller og makt
  • etiske problemstillingar i klinisk sjukepleie
  • sjukepleieprosess og sjukepleiedokumentasjon i sjukehus

Sjukepleie i høve:

  • barn på sjukehus
  • reumatologiske sjukdommar
  • palliativ omsorg
  • kreft
  • nevrologiske sjukdommar
  • kardiovaskulære sjukdommar
  • lungesjukdommar
  • ernæringsproblem
  • sjukdommar i fordøyingssystemet
  • gynekologiske sjukdommar
  • sjukdommar i nyre- og urinvegar
  • øyre-, nase-, halssjukdommar
  • pre-, per-, postoperativ pleie
  • sjukdommar og skade i rørsleapparatet
  • smerter
  • ulike typar sår
  • endokrine sjukdommar
  • stress/krise og meistring av sjukdom
  • undervisning og rettleiing

Førstehjelp

  • basal og avansert hjarte-/lungeredning
  • akutte medisinske tilstander

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Studenten

  • har kunnskapar om, kan vurdere og gjere greie for aktuelle observasjonar og sjukepleietiltak ved ulike sjukdommar og skade
  • kan nytte sjukepleieprosessen som metode
  • kan nytte sosiologisk kunnskap for å forstå sjukdom og helse i eit samfunnsperspektiv, forstå åtferd og samarbeid i institusjon og arbeidsplass i eit individ og organisasjonsperspektiv
  • kan planlegge og gjennomføre undervisning etter pedagogiske prinsipp
  • har kunnskap om sjukehus som organisasjon
  • har kunnskap om sjukepleiaren sitt leiaransvar i ei sjukehusavdeling
  • har kunnskap om tverrprofesjonelt og tverretatleg arbeid

Krav til forkunnskapar

Emna SK 160, SK 161,SK 199, SK 169, SK 170 må vere greidd før start i emne SK 162

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • førelesingar
  • seminar med og utan rettleiing
  • praktiske øvingar
  • oppgåveløysing individuelt og i grupper
  • sjølvstudium
  • delar av emnet kan bli undervist på engelsk
  • munnleg framlegg

Obligatorisk læringsaktivitet

  • delta på obligatoriske førelesingar. Dette vil gå fram av timeplanen.
  • førebuing og deltaking på seminar i gruppe i sosiologi med innlevering av skriftleg gruppearbeid
  • førebuing og deltaking på seminar i gruppe i medisinsk sjukepleie med innlevering av individuelt skriftleg arbeid (ikkje for deltidskull)
  • førebuing og deltaking på seminar i gruppe i kirurgisk sjukepleie med innlevering av skriftleg gruppearbeid
  • førebuing og deltaking på seminar i gruppe i tema kreftsjukepleie
  • delta på framlegg
  • undervisning og øving i sjukepleiesenteret ( 4 samlingar)

Vurderingsform

Skuleeksamen - 5 timar. Individuell. Bokstavkarakter, A-F.