SK164 Andre rettleia praksis i spesialisthelsetenesta
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kliniske studiar relatert til pasientar som mottar sjukepleie i spesialisthelsetenesta og deira pårørande. Kullet blir delt i to grupper, der ein del av kullet har medisinsk praksis og den andre delen kirurgisk praksis.
Hospitering:
- Medisinsk praksis: hospitering i føde-/ barselavdeling og pediatri, fire dagar.
- Kirurgisk praksis: hospitering i operasjons- og oppvakningsavdeling, tre dagar.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Studenten
- kan nytte sjukepleieprosessen som metode
- kan syne forståing og respekt for pasientar og pårørande sine opplevingar og reaksjonar på sjukdom/ sjukdomstilstand
- kan sjå samanheng mellom behandling og pleie, og kan planlegge heilskapleg, vurdere og utføre sjukepleie til fleire pasientar
- kan gjere greie for teoretiske samanhengar og grunngje handling
- kan planlegge og prioritere eige arbeid
- kan ivareta hygieniske prinsipp i utøving av sjukepleie
- kan dokumentere skriftleg, og gje munnleg rapport/ informasjon
- kan administrere legemidlar og har kunnskap om verknad/ biverknad og mogelege komplikasjonar
- kan vise etisk refleksjon og handlingsberedskap
- kan ta del i arbeids- og behandlingsoppgåver, prosedyrar og bruk av medisinsk teknisk utstyr
- har kunnskap om livreddande førstehjelp og avansert hjarte- lungeredning
- har kunnskap om lovverket som regulerer utøving av sjukepleiefaget
- kan finne fram til relevant litteratur og forsking innan fagområdet og nytte dette i utøving av praktisk sjukepleie
- kan vise evne til samarbeid og teamarbeid
- kan sjølvstendig rettleie, informere og undervise pasientar, pårørande og samarbeidande partar
- kan syne forståing for kultursensitiv kommunikasjon
- kan utføre administrative oppgåver
- kan sjå eige læringsbehov og ta rettleiing
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161,SK199, SK169, SK170, samt arbeidskrav i SK162 må vere greidd før start i emnet.
Undervisnings- og læringsformer
- Det vert lagt vekt på erfaringslæring med refleksjon, rettleiing individuelt og i grupper
- Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
- Skriftleg og munnleg arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
- Seminar med framlegg i grupper (sosiologi)
- Skriftleg test i medikamentrekning. Individuell/gruppe. Krav om 100% rett.
- Vere førebudd til forventningssamtale
- Levere utfylt egenvurdering i vurderingsskjema til halvtids- og sluttvurdering
- Dokumentert hospitering
Vurderingsform
Andre rettleia praksis i spesialisthelsetenesta. Greidd/ikkje greidd.