Hopp til innhald

SK169 Grunnleggande sjukepleie og sjukepleie til eldre

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Basal hjerte/lungeredningEmnet er knytt til pasienten sine grunnleggande behov, grunnleggande sjukepleie og sjukepleie til eldre.

Dei ulike tema i emnet er:

  • grunnlagstenking og historie
  • sjukepleieprosessen
  • sjukepleiedokumentasjon
  • hygiene
  • sjukepleie til eldre
  • sirkulasjon, aktivitet og søvn og kvile
  • respirasjon, kroppstemperatur, ernæring og eliminasjon
  • mennesket sine psykososiale behov
  • sjukepleie til personar med demens
  • åndeleg og eksistensiell omsorg
  • sjukepleie til personar med hjerneslag
  • identitet, kultur, det tradisjonelle og det moderne samfunnet
  • lovverk og rutinar knytt til medikamenthandtering
  • Felleskatalogen
  • sjukeheim som organisasjon
  • forbetringsarbeid/innovasjon
  • Basal hjerte/lungeredning

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om sjukepleiefaget si historie, tradisjonar og eigenart
  • har kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov og grunnleggande sjukepleie
  • har kunnskap om normal aldring og eldre menneske sine særskilde behov
  • har kunnskap om sjukepleie til eldre og personar med demens og hjerneslag
  • har kunnskap om sjukepleieprosessen som problemløysande metode og mellommenneskeleg prosess
  • har kunnskap om sjukepleiedokumentasjon som arbeidsreiskap og grunnlag for utøving av fageleg forsvarleg sjukepleie
  • har kunnskap om sjukeheimen som organisasjon
  • har kunnskap om korleis ein kan involvere brukar på sjukeheim som aktiv deltakar i eigen hjelpeprosess og i forbetring av tenesta

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og grunngje praktiske sjukepleieprosedyrar
  • kan nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap frå sjukepleievitskaplege, naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege emne

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kjenner til kulturomgrepet og kva innverknad kultur har for identitetsutvikling
  • kjenner til lovverket og rutinar for medikamenthandtering og kan bruke Felleskatalogen
  • kjenner til grunnleggande prinsipp i forbetringsarbeid

Krav til forkunnskapar

Emne SK199, eit  av emne SK160 og SK161 må vere greidd før eksamen i emne SK169

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Studiegrupper med og utan rettleiing
  • Skriftlege oppgåver og munnleg framlegg 
  • Praktiske øvingar
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Frammøte og førebuing til 3 studiegruppesamlingar
  • Ei individuell skriftlig oppgåve
  • Ei skriftleg praktisk gruppeoppgåve
  • Deltaking på undervisning og øving i sjukepleiesenteret (6 øvingar). Alle øvingar må vere gjennomført før studenten kan gå opp til praktisk test.
  • Praktisk test. Individuell

Vurderingsform

Skuleeksamen, 5 timar. Individuell. Bokstavkarakter A - F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel