Hopp til innhald

STMA101 Språk, tekst og matematikk

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer barn si danning og språklege og matematiske utvikling. Desse temaa er viktige for barns leik og læring, og avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om barns språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur. På den andre sida handlar det om barns matematiske meiningsskaping, kreative undring, leik og problemløysing. Andre sentrale emne er barn si omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skole.  

 

Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved barns leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren er sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer både teoretisk og praksisnær kunnskap om barn si språklege, litterære og matematiske utvikling, som skal bidra til kompetanse i å skape varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen. 

 

Kunnskapsbasen bygger på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten 

  • har kunnskap om barn si matematiske utvikling, spesielt innanfor tall-, form- og romforståing, også i fleirkulturelle perspektiv 
  • har kunnskap om barns språkutvikling, munnleg og skriftleg språkbruk og språkvanskar, også i fleirspråklege perspektiv 
  • har kunnskap om barns problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling  
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske  
  • har grunnleggande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling 

 

Ferdigheter 

Kandidaten 

  • kan observere, vurdere, legge til rette for og støtte barns språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen
  • er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremmer barn si aktive deltaking, utvikling og danning 
  • kan leggje til rette for eit inkluderande og variert lekemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing  
  • kan legge til rette for kvalitet og mangfald i barns tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv 
  • kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen 

 

Generell kompetanse 

Kandidaten 

  • kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar i samtida knytt til språk, tekst og matematikk 
  • kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barns språklege, tekstlege og matematiske erfaringar 
  • kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.

 

Praksis

Praksis vil fokusere på studenten si leiing av seg sjølv og av barn. Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å

 

  • vise leiareigenskapar i møte med praksisbarnehagen og reflektere over leiarrolla i møte med barn og barnegruppa
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
  • vise evne til å vere profesjonell og oppfylle gitte normer, regler og lover i arbeidslivet

 

Leiardagane (minimum 3) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har 3 arbeidskrav, der 2 skal gjennomførast i praksis, og 1 skal vere knytt til profesjonsskriving på nynorsk og på bokmål. Til saman ivaretar arbeidskrava både norskfaglege og matematiske perspektiv.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart. 

 

Tid og stad for eksamen vil bli opplyst på Studentweb og på emnet sine sider på læringsplattforma Canvas.

 

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel