SØ6-1001 Samfunnsøkonomi mikro
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Produksjonsteori, konsumentteori, marknadsteori, effektiv ressursbruk og informasjonsproblem.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- forstå grunnleggjande mikro- og marknadsteori
- kjenne til korleis ulike former for økonomisk politikk verkar på dei einskilde aktørane si økonomiske åtferd og korleis den økonomiske politikken påverkar prisar, produksjon og samfunnsøkonomisk effektivitet
- forstå kva som er meint med omgrep som samfunnsøkonomisk overskot, konsumentoverskot, produsentoverskot og marknadslikevekt
- forstå korleis endringar i produksjons- eller forbrukaravgjerder i ein del av økonomien påverkar økonomiske avgjerder i andre delar av økonomien
Dugleikar:
- framstille og forklare konsumentane sine avgjerder basert på preferansar, prisar og inntekt
- framstille og forklare produsentane sine avgjerder basert på teknologi og faktorprisar
- vise og forstå korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar skaper ei marknadslikevekt
- finne marknadslikevekta under ulike marknadsformer
- kunne drøfte kriterium for økonomisk effektivitet og analysere samanhengen mellom marknadslikevekt og effektivitet
- kunne analysere situasjonar der marknadslikevekta ikkje er effektiv, og kva styresmaktene kan gjere for å bidra til auka effektivitet
Generell kompetanse:
- kunne ta stilling til økonomiske resonnement knytt til faget, som t.d. spørsmål om store bedriftsfusjonar.
- Kunne forstå hovudtrekka i faglege utgreiingar innanfor det mikroøkonomiske området.
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskapar i matematikk tilsvarande emnet ME6-1000 Matematikk for økonomar
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestera.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Programmerbar kalkulator
Meir om hjelpemiddel