Hopp til innhald

VPL5-107 Menneske, funksjon og utvikling

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gjev kunnskap om mennesket si oppbygging og funksjon, og samspel med omgjevnader. Det er fokus både på det friske og sjuke, og korleis omgjevnader påverkar helse og sosial fungering. Prinsippet om å forebygga helse og sosiale vanskar er sentralt.
Samanhengen mellom aktivitet og livskvalitet vert vektlagt. Emnet inneheld også grunnleggande kompetanse om dagleglivets ferdigheiter, pedagogikk, kommunikasjons- og relasjonskunnskap, og observasjon i miljøarbeid.
Emnet gjev grunnleggande kunnskap om psykologi som grunnlag for profesjonsutøving, og innføring i psykisk helse. Deler av undervisninga vert gjeve saman med barnevern og sosialt arbeid. Studentane vil arbeide tverrfagleg med tema innan barn og unges levekår.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap

  • har kunnskap om, og kan gjere greie for generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for tverrprofesjonelle bidrag for å sikra barn og unge sine levekår

Felles læringsutbytte for barnevern og vernepleie

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap

  • kunnskap om ulike teoriar om læring
  • kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen
  • kunnskap om prinsippa til eit relasjonelt pedagogisk perspektiv
  • anvende didaktiske prinsipp i pedagogisk læringsarbeid

Studiespesifikke læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap:

  • har kunnskap om og kan gjere greie for ulike tilstandar av psykisk utviklingshemming
  • har kunnskap om ulike tilhøve som fremjar og hemmar god livskvalitet for personar med nedsett funksjonsevne.
  • har kunnskap om aktivitetar i dagleglivet (ADL) og korleis gje indivdiuelt tilpassa hjelp.
  • har kunnskap om tiltak som fremjar deltaking, trivsel og helse, på dagleglivets områder
  • har kunnskap om pedagogikk og profesjonell kommunikasjon og relasjonskompetanse
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for kroppen sin oppbygging og funksjon
  • har kunnskap om, og kan identifisere dei vanlegaste sjukdomane innan somatikk og psykiatri

Ferdigheiter:

  • kan anvende relevant fagleg kunnskap frå sentrale tema i emnet slik som observasjon, kartlegging, vurdering og leggja til rette tiltak og aktivitet for tenestemottakar
  • kan beherske legemiddeladministrasjon og legemiddelrekning.
  • Kan anvende fagleg kunnskap og reflektere over eigne ferdigheiter innan kommunikasjon og relasjon

Generell kompetanse

  • har innsikt i sentralt fagstoff innan miljøarbeid, anatomi, fysiologi og sjukdomslære

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet VPL5-106 Vernepleieprofesjonen i hjelpeapparatet

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisings- og læringsformer: seminar, gruppearbeid, førelesingar, praktiske øvingar, munnleg og skriftleg framstilling individuelt og i grupper, sjølvstudium og ferdigheitstrening.

Obligatorisk læringsaktivitet

2 timars skriftleg test i VPL5-102 Farmakologi.

2 timars skriftleg test i VPL5-204 Legemiddelrekning. Krav om 100 % rett svar.

 

Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdighetstrening. Minimum 80% deltaking i obligatorisk undervisning i kvart emne: 

  • Farmakologi og legemiddelrekning
  • Kommunikasjon og relasjon
  • Kartleggingsverktøy
  • Aktivitet
  • ADL/observasjon
  • TPS

Vurderingsform

Eksamen består av tre deler, alle må vere bestått for at emnet skal vere greidd.

Del 1:

6 timars skuleeksamen i naturvitskaplege emner. Vekting 50 %

Ny eksamen

Går føre seg som ordinær eksamen. 

Del 2:

Individuell mappeeksamen. Arbeidsmappa inneheld to oppgåver. Vekting 25 %

Ny eksamen: 

Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved eit nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det leverast ei helt ny oppgåve med ny problemstilling.

Del 3:

4 timar skuleeksamen. Vekting 25 %

Ny eksamen

Går føre seg som ordinær eksamen. 

 

Vurderingsutrykk: A - F der F er ikkje greidd vurdering

Hjelpemiddel ved eksamen

Farmakologi: felleskatalogen,

Legemiddelregning: kalkulator (type, les linken under) 

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel