Hopp til innhald

BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kurset skal gje studentane ei praktisk innføring i årsrekneskapen frå det løpande arbeidet med bilagsføring til utarbeiding av årsrekneskapen. I praktiske oppgåver vil det vera fokus på vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk i samband med utarbeiding av årsrekneskapen. 

Innhold:

  • Sentrale rekneskapsreglar for ideelle organisasjonar
  • Rekneskapsreglar for små føretak
  • Bokføring i eit elektronisk rekneskapssystem
  • Praktisk gjennomføring av årsoppgjer inklusiv skattepostar og resultatdisponering for AS
  • Lære å sette opp eit fullstendig årsrekneskap med resultatrekneskap, balanse, notar og årsmelding
  • Årsavslutting i eit årsoppgjersprogram
  • Reflekterere over kor viktig årsrekneskapen er for eigarar, investorar og andre interessentar

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal ved fullføring

  • ha innsikt i rekneskapsreglane for små føretak
  • kjenne til rekneskapsreglane for ideelle organisasjonar
  • kjenne til regelverket for å kunne utarbeide eit fullstendig årsrekneskap
  • ha kjennskap til rekneskapet sin verdi for eigarar, investorar og andre interessentar

 

Ferdigheitar:

Studenten kan

  • gjennomføre løpande bokføring i eit elektronisk rekneskapssystem
  • avslutte eit årsrekneskap, inklusiv skattepostar og resultatdisponering for eit aksjeselskap
  • avslutte rekneskapet i eit årsoppgjersprogram

 

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • tileigne seg oppdatert og praktisk kunnskap innanfor rekneskap
  • reflektere over etikk og samfunnsansvar i regnskapsrapporteringen

Tilrådde forkunnskapar

BØ6-1010 Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap, BØ6-1011 Finansrekneskap med analyse og), eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom forelesing, oppgåveseminar og øvingar i datalab

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt skriftleg arbeidskrav. Arbeidskrav kal løysast individuelt eller i gruppe. Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Heime eksamen 7 dagar. Individuell innlevering.

Bokstavkarakter.

Ved stryk skal eksisterande oppgåve forbetrast. Ved forbetring av karakter må ny oppgåve leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-303 - Rekneskap og skatt - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØKB3117 - Vidaregåande finansrekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 1,5 studiepoeng