Hopp til innhald

BFY103 Fysiologi 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Fysiologi 1 er det første av to fysiologikurs på bachelor fysioterapi. I dette kurset vil vi fokusere på muskelens oppbygging og funksjon, nervesystemet og det endokrine systemet. Forståelse for vår bakgrunn for bevegelse og motorikk er viktig i dette kurset.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har grunnleggjande kunnskap om cella si oppbygging og funksjon
  • har brei kunnskap om muskeloppbygging og funksjon
  • har god kunnskap om nervesystemets funksjon og oppbygging
  • har grunnleggande kunnskap om det endokrine system

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan forklare kva fysiologi er
  • kan forklare oppbygging av ulike muskeltypar
  • kan reflektere over korleis sansane påverkar røyrsle
  • kan reflektere over korleis nervesystemets oppbygging og funksjon påverkar menneskets funksjonsevner
  • kan beskrive oppbygging og funksjon av det endokrine system

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i samanhengen mellom nervesystemes anatomi og funksjon
  • har god forståelse for kva betyding muskelens mikro-anatomi har for dens funksjon
  • har god forståelse for sansane sin innverknad på røyrsle
  • har innsikt i utvikling av nervesystemet
  • har forståelse for korleis nervesystemet og det endokrine systemet samarbeider for regulering av kroppens funksjonar

Krav til forkunnskapar

Studierett på bachelor i fysioterapi - HVL studiested Bergen

Tilrådde forkunnskapar

Det er en fordel å ha hatt nokre av realfaga på videregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten har ansvar for eigen studiesituasjon og læringsprosess. Det vil bli lagt til rette for læring gjennom forelesningar der oppgåveløysing (både praktisk og teoretisk) enkeltvis og i grupper kan inngå. Forelesningane legg opp til at studentane møter førebudde og er aktivt deltakande i timane.

Det er lagt opp til stor grad av eigenstudie i dette emnet

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er ingen obligatoriske arbeidskrav i emnet, men det vil vere minst to større interaktive testar som studentane blir oppmoda om å ta for å teste eigen kunnskap. 

Vurderingsform

Skriftlig skuleeksamen under tilsyn
4 timer

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått

Ny eksamen
Ny eksamen gjennomføres etter samme mal som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel