BFY104 Fysiologi 2
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Fysiologi 2 er det andre av to fysiologikurs på bachelor fysioterapi. I dette kurset går vi gjennom organsystema; sirkulasjonssystemet, immunsystemet, respirasjonssystemet, fordøyelsen, nyrer og urinvegar. Vi vil sjå på funksjonen av desse systema og den underliggande anatomien. I tillegg vil vi ha om genetikk, ernæringsfysiologi, kroppens energibalanse, temperaturregulering og arbeidsfysiologi. Sentralt for kurset er å forstå korleis systema i kroppen vår heng saman, korleis vi utviklar oss frå vi er barn til vi blir gamle og korleis aktivitet påverkar oss. Vi brukar aktivt kunnskapen vi har fått om nervesystemet, det endokrine system og muskelfysiologi frå Fysiologi 1.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten...
- har god kunnskap om organsystema si oppbygging og funksjon
- har grunnleggande kunnskap om genetikk.
- har grunnleggande kunnskap om samanhengen mellom ernæring, aktivitet og energibalanse.
- ha god kunnskap om arbeidsfysiologi
- ha grunnleggande kunnskap om kva fysiologiske endringar som skjer ved overgangane frå vi er barn til vi blir gamle
- har god kunnskap om korleis aktivitet påverkar sirkulasjon og respirasjon.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan forklare oppbygging og funksjon av organsystema
- kan reflektere over korleis organsystema våre avhenger av kvarandre og er regulert.
- kan reflektere over korleis aktivitetsnivå påverkar organsystema våre.
- kan reflektere over korleis patogener, vaksiner og immunterapi fungerer
- kan reflektere over kva rolle ernæring og aktivitet har for energibalansen
Generell kompetanse:
Studenten...
- har innsikt i samanhengen mellom organsystema sin anatomi og funksjon.
- har god forståelse for korleis aktivitet påverkar oss.
- har innsikt i utvikling frå barn til eldre
- har forståelse for korleis nervesystemet og det endokrine systemet samarbeider for regulering av kroppens funksjonar
Krav til forkunnskapar
BFY103
Undervisnings- og læringsformer
Studenten har ansvar for eigen studiesituasjon og læringsprosess. Det vil bli lagt til rette for læring gjennom førelesningar der oppgåveløysing enkeltvis og i grupper kan inngå. Førelesningane legg opp til at studentane møter førebudde og er aktivt deltakande i timane. Det er lagt opp til stor grad av eigenstudie i dette emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er ingen arbeidskrav til dette emnet, men det blir ein større interaktiv test som studentane blir oppmoda om å ta for å teste eigen kunnskap.
Vurderingsform
Skriftlig skuleeksamen under tilsyn
4 timer
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.
Ny eksamen
Gjennomføres etter samme mal som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel