BLU3-1006 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
I arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane byggje på kunnskap frå tidlegare deler av studiet og fordjupe seg i eit sentralt tema som er relevant for barnehagelæraryrket. Bacheloroppgåva skal vera profesjonsretta og byggje på kunnskap frå eitt eller fleire av kunnskapsområda. Tema og problemstilling skal godkjennast av fagansvarleg. Arbeidet med oppgåva skal gi ei generell innsikt i feltet forsking og utviklingsarbeid samtidig som studentane sjølve skal utvikle kompetanse i forhold til å utføre eit slikt arbeid. Det vert gitt obligatorisk innføring i vitskapleg metode. Hovudvekta vil bli lagt på val og utforming av problemstillingar, ulike metodar for å skaffe fram kunnskap (empiri), søk og kritisk bruk av teori, analyse og tolking av data og utarbeiding av ein skriftleg rapport.
Læringsutbytte
Etter avslutta arbeid med bacheloroppgåva skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har ny kunnskap innafor eit gitt tema
- har ny kunnskap om og forståing for etiske aspekt ved forskings- og utviklingsarbeid
Ferdigheiter
Studenten
- har evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon
- har evne til å innhente fagleg kunnskap gjennom teori og praksis
Generell kompetanse
Studenten
- har kompetanse på å dokumentere og formidle eit fagleg arbeid
- har kompetanse på å gjere litteratursøk og kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
Krav til forkunnskapar
Oppflyttingskrav: Studenten skal ha produsert 90 studiepoeng våren i 2. klasse for å kunne starte i 3. klasse /Bachelor
Undervisnings- og læringsformer
Bacheloroppgåva stiller høge krav til sjølvstendig arbeid, evne til å søke rettleiing og hente inn kunnskap og erfaring frå ulike kjelder. Undervisninga vil difor i stor grad basere seg på rettleiing knytt til dei oppgåvene studentane arbeider med.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk frammøte til metodekurs - framlegg av oppgåve
- Godkjent prosjektskisse
- Eit skriftleg notat frå gjennomført pilotstudie
- Rettleiing individuelt og i gruppe
Vurderingsform
3.år haust: Bacheloroppgåve. Sluttvurdering er basert på innlevert bacheloroppgåve.
Bokstavkarakterar A-F.
Bacheloroppgåva skal gjennomførast individuelt. Studentar kan søkje om å få skrive oppgåva i gruppe på to. For individuelle oppgåver har bacheloroppgåva eit omfang på 15-20 sider og for grupper eit omfang på 20-30 sider. Oppgåvene skal leverast elektronisk i Wiseflow.
Ved karakteren F har studentane rett på ein time rettleiing og arbeider med same problemstilling som ved ordinær eksamen. Ved 3.gangs forsøk eller forbetring av bacheloroppgåva, må ein levere heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Studentane har rett på ein time rettleiing.