Hopp til innhald

BSV5-300 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studentane skriv ei individuell oppgåve med utgangspunkt i eit profesjonsrelevant tema. Emnet startar med undervisning i oppgåveskriving, litteratursøk og kjeldekritikk. Det vert i tillegg arrangert oppgåveseminar med rettleiar der studenten legg fram arbeidet sitt for andre studentar. Studenten har rett på tre timar individuell rettleiing på oppgåva.

Bacheloroppgåva skal skrivast innafor ei ramme på 10000 ord, og innhaldet skal skrivast i tråd med retningsliner for bacheloroppgåva som går fram av HVL sine nettsider og informasjonsheftet for emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om kjelder og relevant forskingslitteratur som kastar lys over eit tema
  • kjenner til metodiske krav til vitskapleg arbeid

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan kritisk vurdere og diskutere kjelder og meistre god kjeldebruk
  • kan søke i forskingsdatabasar, finne fram til relevante informasjonskjelder og framstille dette til å kaste lys over ei profesjonsrelevant problemstilling

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner
  • kan analysere, drøfte og formidle profesjonsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieåret og emna i haustsemesteret tredje studieåret skal vere greidd.

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emne:

BVP5-312 Forskingsmetode, psykiske helse og barnevern for barnevernsstudentane

SOS5-310 Modellar i sosialt arbeid - fagutvikling og forsking i sosialt arbeid for sosionomstudentane

VPL5-308 Profesjonsutøving i vernepleie for vernepleiestudentane på heiltid - VPD5-308 Profesjonsutøving i vernepleie for studentane på deltid

Tilrådde forkunnskapar

Ingen ut over spesifikke krav til forkunnskapar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, lærarstyrt oppgåveseminar, individuelt arbeid og individuell rettleiing. Praktisk øving i arbeid med litteratursøk og dokumentasjon av litteratursøk.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • innlevering av tema og/eller problemstilling
  • deltaking i undervisning om litteratursøk på biblioteket 
  • deltaking i oppgåveseminar. Meir spesifikke krav til deltaking går fram av eige informasjonshefte for emnet
  • deltaking i minimum ein rettleiingstime. Meir spesifiserte krav til deltakinga går fram av eige informasjonshefte for emnet

Alle arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen. 

Vurderingsform

Bacheloroppgåve
Innlevering av individuelt skriftleg arbeid.

Vurderingsutrykk
A til F, der F er ikkje greidd.

Ny eksamen 
Ved ikkje greidd: Kandidaten leverer ein forbetra versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing.

Ved ikkje greidd på andre forsøk må emnet takast opp att og oppgåva må ha ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel