BVP5-105 Sosialpedagogisk introduksjon
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studentane får innføring i sosialpedagogikk. Dei vil lære om barnevernet med vekt på historikk, teoriar, metodar. Dei vil få kunnskap om korleis barnevernet er organisert og kva rammer og samfunnsoppdrag som er knytta til barnevernsarbeid. Det vert lagt vekt på FNs barnekonvensjon som grunnlag for barn og unge si rettsstilling i barnevernet. Barn, unge og foreldre som brukarar og deira rett til innverknad i eiga sak og/ eller tenesteutvikling blir presentert i lys av politiske dokument og omgrepa brukarmedverknad og Empowerment. Gjennom undervisning og praktiske øvingar vil studentane få auka medvit om eigen relasjonskompetanse. Barndom og oppvekst vert presentert i eit sosiokulturelt perspektiv. I emnet er det lagt inn skrivekurs med vekt på akademisk skriving og bibliotek tilsette underviser i litteratursøk og kjeldebruk. I emnet vil studentane arbeide tverrprofesjonelt med tema yrkesetikk.
Læringsutbytte
Felles læringsutbytte med sosialt arbeid og vernepleie.
Kunnskap:
Studenten...
- har brei kunnskap om den norske velferdsstatens historie, dagens velferdsmodell og kunnskap om menneskerettane sin plass i velferdsstaten.
- kjenner til grunnleggjande etiske omgrep og har brei kunnskap om menneskerettane og yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
- har brei kunnskap om forvaltninga, verdigrunnlaget forvaltninga byggjer på og oppgåvedeling mellom dei ulike nivåa. Kunnskap om det rettslege grunnlaget for offentleg forvaltning, regjeringa si instruksjonsmynde og organisering.
- har kunnskap om og kan gjera greie for grunnleggjande psykologiske omgrep og tenkemåtar.
- har kunnskap om, og kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske omgrep og forståingar.
- har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske problem og vitskapsfilosofiske retningar, samt gjere greie for kjenneteikn ved forsking og vitskapelig kunnskap.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan anvende kunnskap om tverrfagleg samarbeid, gjennom arbeid i tverrprofesjonelle studentgrupper samansett av studentar frå barnevern, sosialt arbeid og vernepleie.
- kan anvende fagleg kunnskap frå emnet til å arbeide med ei teoretisk problemstilling.
Studiespesifikke læringsutbytte
Kunnskap
Studenten...
- har kunnskap om barnevernet si historie og barnevernspedagogen sin kompetanse
- har kunnskap om sentrale teoretiske perspektiv og modellar for sosialpedagogisk arbeid med barn, unge og deira familiar
- har kunnskap om barnevernet si organisering, rammer og samfunnsoppdrag
- har kunnskap om kommunikasjonen si betyding i sosialpedagogisk arbeid.
- har kunnskap om betydninga av kjønn i mellommenneskelig samhandling
- har kunnskap om etnisitetsomgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring
- har kunnskap om barn og unge si inkludering og deltaking i ulike oppvekstarenaer som familie, skule, barnehage og fritid.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan reflektere over eiga samhandling i lag med medstudentar og lærarar
- kan anvende fagleg kunnskap og artikulere dette både skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten...
- har innsikt i den norske velferdsmodellen og kunnskap om barnevernspedagogen sin kompetanse i tenestetilbodet til barn, unge og familiar
- har innsikt i kjenneteikn ved barndom og oppvekst i Noreg i dag.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Generell studiekompetanse
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning, seminar, ferdighetstrening, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i undervisning og ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid.
- Levere refleksjonsnotat i samband med kurs i kommunikasjon og relasjon.
- Deltaking i skriveseminar i arbeidet med mappeoppgåve.
- Deltaking i skrivekurs.
- Fleirfagleg arbeid med munnleg framlegging i tverrprofesjonell samhandling (TPS).
Arbeidskravet er gyldig dei tre påfølgjande semester. Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Vurderingsform
Eksamen består av to deler, begge må vere bestått for at emnet skal vere greidd.
Del 1: Skriftleg individuell heimeeksamen. Varigheit 7 dagar. Tal ord 3000 ((+/- 10%). Vekting 50%.
Del 2: Mappeeksamen. Mappa er sett saman av to oppgåver, som studentene får utdelt i løpet av semesteret, der arbeidet er revidert etter tilbakemelding. Kvar oppgåve skal ha eit omfang på 3000 ord (+/- 10%).Vekting 50%.
Vurderingsuttrykk
A-F, der F svarar til ikkje greidd vurdering.
Ny eksamen
Del 1 går føre seg som ordinær eksamen.
Ved ikkje greidd del 2 skal det leverast ein individuelt omarbeida mappeeksamen til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel - alle
Meir om hjelpemiddel