Hopp til innhald

BVP5-106 Barn og unges kvardagsliv, oppvekst og utvikling

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld faga psykologi, pedagogikk, drama og førebyggjande miljøarbeid i ulike kontekstar. Det inngår 2 veker praksis (i grupper) i barnehage i emnet. Studentane skal gjennom observasjon og deltaking få kunnskap om barn sin kvardag i barnehagen. Studentane skal ha kunnskapar som gjer det mogeleg for dei å reflektere over barn si utvikling og læring sett i lys av faga i emnet.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om, og kan gjere greie for generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for tverrprofesjonelle bidrag for å sikra barn og unge sine levekår

Felles læringsutbytte for barnevern og vernepleie

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om ulike teoriar om læring
  • har kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen
  • har kunnskap om prinsippa til eit relasjonelt pedagogisk perspektiv
  • kan anvende didaktiske prinsipp i pedagogisk læringsarbeid

Studiespesifikke læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om folkehelse
  • har kunnskap om førebyggjande miljøarbeid og skulen som arena for barnevernet
  • har kunnskap om levekår til barn og unge med nedsett funksjonsevne
  • har kunnskap om systemteori og korleis systemteoretiske perspektiv vert brukt i arbeid med med barn, unge og deira familiar
  • har kunnskap om barn og ungdom i ein norsk migrasjonskontekst og om einslege mindreårige flyktningar sin situasjon
  • har kunnskap om dokument i klientarbeid, samt kunne anvende denne i bruk og utforming av dokumenta

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan anvende observasjonsmetodar for å forstå samspel mellom barn og samspel mellom barn og vaksne i barnehage og relatere erfaringar frå observasjonspraksis i barnehage til faglege perspektiv
  • kan anvende dramafaglege aktivitetar i kontaktetablering og samhandling med barn

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan formidle kunnskap om barn og unge si utvikling i eit sosiokulturelt perspektiv
  • har innsikt i kva som kan vere barnevernet si rolle i samarbeid med barnehagen

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-105 Sosialpedagogisk introduksjon.

Tilrådde forkunnskapar

Opptakskravet

Undervisnings- og læringsformer

Seminar, førelesingar, arbeid i grupper, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling individuelt og i grupper, plenumsdiskusjonar, individuelt studium og ulike former for ferdigheitstrening.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er to arbeidskrav i emne:

Del 1:

  • Deltaking i 80% av undervisninga i observasjon, dokument i klientarbeid, drama og tverrprofesjonell samarbeidslæring. 
  • Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd. 

Alle arbeidskrav må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen. Arbeidskrava er gyldig dei tre påfølgande semestra. 

 

Del 2:

2 veker praksis.

I praksis vert studenten vurdert på grunnlag av:

1) Krav til nærvær på praksisplassen

Praksisperioden er obligatorisk og fråvær vert berre godteke i samband med dokumentert sjukdom, maksimalt 2 dagar.

2) Normer og reglar i arbeidslivet

Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

3) Faglege ferdigheiter

  • kunne vise fleksibilitet i kommunikasjon og samhandling med barna og dei tilsette på praksisplassen
  • kunne arbeide med fokus på barna sine behov og frå barna sitt perspektiv
  • vise evne til å observere
  • kunne analysere erfaringane sine med hjelp frå dei faglege perspektiva frå undervisninga i emnet
  • kunne skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte

GODKJENNING Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd.

Vurderingsform

Eksamen består av to deler. Begge deler må vere bestått for å få emne er bestått. 

Del 1: Skriftleg individuell skuleeksamen. Varigheit 4 timar. Vekting 50%

Ny eksamen. 
Går føre seg som ordinær eksamen. 

Del 2: Mappevurdering. Vekting 50%. Mappa er sett saman av to oppgåver, som studentene får utdelt i løpet av semesteret, der arbeidet er revidert etter tilbakemelding. Den eine mappa er knytt til observasjonspraksis. Studenten får ein time veiledning i klassen til praksioppgåva. Kvar oppgåve skal ha eit omfang på 3000 ord (+/- 10%).

Ny eksamen: 
Ved stryk på mappeksamen skal det leverast ei individuelt omarbeida mappeeksamen. 

Vurderingsutrykk
A-F, der F er ikkje greidd vurdering.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel:

skuleeksamen - lovsamling og ordliste

mappeeksamen - alle hjelpemiddel tillatt 

Meir om hjelpemiddel