Hopp til innhald

BVP5-311 Utvikling av positive læringsmiljø

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er samansett av faga, pedagogikk og aktivitetsfag. Studenten skal gjennom aktivitetsfaga få kunnskap om korleis aktivitetsfaga digitale verktøy, musikk, idrett- og friluftsliv og kunst & handverk har direkte relevans i barnevernsarbeid. Studentane betaler sjølv eventuelle utlegg til turar, material og liknande i aktivitetsfaga.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om korleis eit vald aktivitetsfag kan brukast i arbeid med utsette barn og unge 
  • har kunnskap om prinsippa for pedagogisk tilnærming til problematisk åtferd sett i eit relasjonelt perspektiv
  • har kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan nytte relasjonelt perspektiv til å analysere ein pedagogisk situasjon og bruke denne som handlingskunnskap i direkte arbeid med barnet og ungdom
  • kan bruke aktivitetar som middel i kontaktetablering med ungdom som har sosiale vanskar

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har kunnskap om korleis legge til rette for aktivitetar for barn og unge og kunne sette aktivitetane inn i ein pedagogisk og miljøterapeutisk samanheng

Krav til forkunnskapar

Alle emna i første og andre studieår må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, praktiske aktivitetar og individuelt studium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i aktivitetsfaga.

Vurderingsform

Sluttvurderinga er todelt.

Del 1. Munnleg eksamen i gruppe. Studentane får 15 minutt til å presentere arbeid med ei oppgåve som handlar om bruk av aktivitetsfag i barnevernfagleg arbeid. Deretter 30 minutt til eksaminasjon. Oppgåva blir utlevert ei veke før eksamensdato.

Tid og stad for eksamen blir gitt i emnet sine sider i Canvas. Vekting 50 %

Del 2. Individuell skriftleg heimeeksamen på 3500 ord +/-10, 7 dagar. Vekting 50 %

Vurderingsutrykk 
A-F, der F svarar til ikkje greidd. 

Det vert gjeve same karakter til heile gruppa på munnleg eksamen. Begge delar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Ny eksamen

Føregår som ved ordinær eksamen og heile gruppa ta eksamen om igjen. Ved ny heimeeksamen kan det leverast ein omarbeida versjon av oppgåva. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel