Hopp til innhald

EL2-208 Elektriske maskiner

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Dette kurset skal gje god innføring i virkemåte og oppbygging av elektriske maskiner, slik som transformatorar, generatorar, motorar, likerettarar og omformarar. Det vil verte fokusert på bruksområde for dei ulike maskintypane.

Transformatorar: Prinsipp og virkemåte, transformatortypar, ekvivalentskjema, karakteristikkar. Einfase og trefase. Drift og overvaking av transformatoranlegg.

Synkronmaskiner: Bruksområde, oppbygging og virkemåte, ekvivalentskjema, utrekningar og målingar.

Asynkronmaskiner: Bruksområde, oppbygging og virkemåte. Asynkrongenerator. Oppstart og turtalsstyring.

Likestrømsmaskiner: Prinsipp og virkemåte. Ekvivalentskjema, utrekningar og målingar.

Generatorar: Prinsipp og virkemåte vikla og permanentmagnetgenerator, generatortypar, ekvivalentskjema, karakteristikkar. Termiske eigenskapar.

Dynamikk: Dynamikk i elektriske motorar og generatorar. Oppstart og nedstenging av motorar og generatorar.

Kraftelektronikk: Ulike omformartypar. Oppbygging av frekvensomformar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • Har kunnskap om elektromagnetisk teori som grunnlag for elektrisk maskiner.
  • Kan rekne på verdiar ved tomgang, belastning og kortslutning.
  • Kan rekne på spenningsfall og verknadsgrad for ein og trefasa transformatorar.
  • Har kunnskap om transformatorkoblingar, konstruksjon og verkemåte samt parallell drift av tre-fase transformatorer.
  • Har kunnskap om autotransformatorer og måletransformatorer.
  • Har kunnskap om konstruksjon, verkemåte og parallell drift av synkrongeneratorar.
  • Har kunnskap om magnetiseringssystema, regulering av reaktiv og aktiv effekt frå synkron-maskiner.
  • Har kunnskap om konstruksjon og verkemåte samt styring til asynkronmotorar, likestrømsmaskin og transformatar.
  • Kan berekne verdiar som indusert spenning, klemmespenning ved belastning, effekt- og moment-forhold samt tap og verknadsgrad av likestrømsmaskiner, transformatorer, asynkronmaskiner og synkronmaskiner.
  • Har kunnskap om bruken av omformarar og vern.

 

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan beregne strøm, spenning, dreiemoment, turtall og effekt i elektriske maskiner.
  • Kan kople opp og foreta målingar og rekne ut parameter på ein asynkronmaskin.
  • Kan berekne verdiar i tomgang, belastning og under kortslutning for synkron-maskiner.
  • Kan berekne verdiar som sakking, belastning, spenningsfall, verknadsgrad og for elektriske maskiner.
  • Kan anvende elektromagnetisk teori til å bestemme bruk av elektriske motorer i ulike applikasjoner.
  • Kunnskap om hovedkomponentar i kraftelektronikken og bruken av desse.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • forstår bruken av transformatorer i samanheng med forsyningsanlegg, distribusjonsnett og sluttbrukar.
  • forstå bruken av synkrongeneratorar i samanheng med forsyningsanlegg og andre typar kraftverk.
  • forstår bruken av asynkronmotorar og likestraumsmotorar i samanheng med maskiner.
  • forstår bruken av kraftelektronikk.

Krav til forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro, Matematikk 1 og 2, eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, laboratorieøvingar, rekneøvingar og presentasjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

1 godkjend gruppepresentasjon og 4 godkjende laboratorieøvingar m/rapport (Transformatorar - 1, Likestrømsmaskiner - 1, Asynkronmaskiner - 1, Synkronmaskiner - 1).

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5t. (vekt 100%)

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator ihht godkjent liste, formelark.

Meir om hjelpemiddel