Hopp til innhald

GE486 Glasialgeologi

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Det vert gitt ei innføring i Kvartærperioden (dei siste 2,588 mill. år), der vi ser på korleis isskjold og brear over heile verda byggjer seg opp og smeltar vekk som følgje av klima variasjonar, og korleis landet og havnivået har endra seg. Vi ser på korleis brear verkar (glasiologi), og korleis dei endrar landskapet (glasialgeologi). Det vert gitt ein kort introduksjon til permafrost og andre geomorfologiske prosessar i kalde område.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten have opnået:

Kunnskap

  • Forstå og kjenne til korleis landet og havet har endra seg gjennom Kvartærperioden; Ha god forståing og kunnskap om brear og ulike bretypar; og ha god kjennskap til korleis breane har forma landet vårt.

Ferdigheiter

  • Kunne ta seg fram over ein bre.

Kompetanse

  • Forstå og kjenne til glasiale landskapsformer og sedimentære avsetningar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på:

GE-406 Geologi grunnkurs

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, feltarbeid og ekskursjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjende brekurs og journalar frå feltarbeid og ekskursjonar.

Deltaking på ekskursjonar.

Vurderingsform

Munnleg eksamen med førebuing. Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel