GK304 Fleirkulturell prosjektpraksis
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Fleirkulturell prosjektpraksis har hovudfokus på tre månadar med praksis og prosjektarbeid i Zambia
- Praksis/arbeid innanfor eit felt som er relevant for studentane si profesjon/ bachelorutdanning
- Datainnsamling og prosjektarbeid. Tema for prosjektet skal godkjennast av rettleiar
- Individuell refleksjon, analyse og rapportskriving
- Samfunnsvitskapeleg metode og kritisk tenking er sentrale arbeidsmåtar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- skal ha kunnskap om samfunnsvitskapelege metodar/feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke eigen profesjonskompetanse/fagkompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
- kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar
- kan anvende samfunnsvitskaplege metodar og skrive ei praksisnær prosjektoppgåve
Generell kompetanse
Studenten
- kan overføre til norsk kontekst fag/profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst
- kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad i møte med andre og utvide eigen forståingshorisont i møte med andre menneske
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng høgare utdanning og opptak på Global kulturkunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er knytt til praksis i ein anna kultur, diskusjonar med medstudentar under opphald i utlandet og samarbeid med medstudentar og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid i praksis, med datainnsamlinga og prosjektrapportskriving, krev sjølvdisiplin og tilpassingsevne i ein ny kultur.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane må aktivt delta på introduksjonsprogram. Obligatorisk deltaking på seminar og rettleiing. Gjennomført og godkjent praksis (inkludert før- og etterarbeid). Innsamling av data til prosjekt.
Vurderingsform
Individuell prosjektrapport. Ca 8000 ord. Bokstavkarakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel