Hopp til innhald

ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet har gjennom teori og praktisk aktivitet fokus på fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv.

Hovudinnhald vil være:

Barn og unge:  

  • Vekst, utvikling og fysisk yteevne hjå barn og unge
  • Intervensjonar med fysisk aktivitet i barnehage og skule
  • Testing av barn og unge
  • Fysisk aktivitet og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar hjå barn og unge
  • Tidleg spesialisering eller allsidig fysisk aktivitet/trening for barn og unge?

Vaksne: 

  • Individuell praksis med treningsrettleiing for vaksne

Eldre:

  • Alderdomsprosessar hjå eldre
  • Intervensjonar med fysisk aktivitet for eldre (adaptasjon, funksjon, livskvalitet med meir)
  • Testing av eldre
  • Tilretteleggjing og gjennomføring av trening av eldre

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn, unge og eldre si helse i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv
  • har brei kunnskap om korleis teste barn, unge og eldre i ulike former for fysisk aktivitet som uthald og styrke
  • har brei kunnskap om korleis evaluere fysisk aktivitet hjå barn, unge og eldre
  • har brei kunnskap om intervensjonar som nyttar fysisk aktivitet for barn, unge og eldre

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan anvende teoretisk kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av fysisk aktivitet og trening for barn, unge, vaksne og eldre

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for fysisk aktivitet for barn, unge, vaksne og eldre
  • kan formidle forsking og fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Fullført første år av bachelorgraden Idrett, fysisk aktivitet og helse, årsstudium idrett, PT eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil gjennomførast som førelesingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar. Det vil også vere praktiske økter. Det er delvis lagt opp til førelesingar som blir avslutta med oppgåver som studentane presenterer i plenum. Undervisningsopplegget føreset at studentane førebur seg til undervisning og arbeider med stoffet mellom førelesingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk oppmøte (80 %) under studentframføringar som inkluderar at studenten presenterer (i grupper) faglege oppgåver gitt av faglærar, samt obligatorisk oppmøte i praktiske økter. Godkjent individuell praksis i treningsrettleiing (ca. 20 arbeidstimar, organisert som punktpraksis). Både praksisrapport og gjennomføring må være godkjent. Innlevering av eitt skriftleg individuelt arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen. Tid: Fem dagar. Gradert karakter (A-F).