ID3-322 Forskingsmetode og bacheloroppgåve i friluftsliv
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gi studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskningsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport. Studenten har krav på rettleiing i prosessen.
Læringsutbytte
Etter avslutta bacheloroppgåve skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
- har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
- kan kritisk vurdere vitskapelig litteratur som er relevant for ei problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
- kan gjera litteratursøk og kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
- kan behandle, analysere og tolke data
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport
Krav til forkunnskapar
Fullført 90 sp frå bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor idrett og kroppsøving, bacheor friluftsliv eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeider saman.
Biblioteket underviser i søking i fagretta databasar og kritisk bruk av kjelder.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering og godkjenning av prosjektskisse, innlevering av skriftleg metodearbeid, presentere og delta på Work in Progress (WIP)-seminar
Vurderingsform
Skriftleg bacheloroppgåve i friluftsliv, gruppeoppgåve, gradert karakter (A - F)
Studentar som får karakteren F på bacheloroppgåva, kan levere forbetra versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Nytt svar og ny problemstilling gjeld også for studentar som vil forbetre sin karakter.